"Den læreplanen som ikkje kan tilpassast mi undervisning, finst ikkje.": vurdering og undervisning i kroppsøving etter kunnskapsløftet.
Journal article, Peer reviewed
View/ Open
Date
2013-12Metadata
Show full item recordCollections
- Artikler / Articles [2096]
Original version
Tidsskriftet FoU i praksis. 2013, 7, 9-32Abstract
Innføringa av Kunnskapsløftet (LK06) førte med seg ei auka satsing på vurdering i grunnopplæringa. Med utgangspunkt i kvantitative og kvalitative data frå undersøkingar blant kroppsøvingslærarar på ungdomssteget drøftar vi korleis innføringa av LK06 og ny vurderingsforskrift har verka inn på undervisnings- og vurderingspraksis i kroppsøving. Vi nyttar Bernsteins (1975) tre «message systems», læreplan, undervisning og vurdering, og Handal og Lauvås (1999) sitt omgrep praksisteori som ei teoretisk ramme for drøftingane. Resultata syner at om lag halvparten av kroppsøvingslærarane har endra sin måte å vurdere på etter innføringa av LK06, men det kan sjå ut til at endringane går i ulike og stundom motstridande retningar. Grad og retning på endringane er delvis knytt til ulike sider ved lærarane sin praksisteori. Når vi spør kroppsøvingslærarar korleis LK06 har verka inn på deira undervisnings- og vurderingspraksis, kjem det fram eksempel på korleis dei ulike «message systems » verkar på kvarandre, og at endringane også er knytte til praksisteorien til lærarane. Ved konflikt mellom dei tre «message»-systema verkar vurdering å vera det sterkaste; nokre lærarar tilpassar undervisninga si til vurderingspraksisen sin.