dc.description.abstract | Denne masteroppgåva er skriven innan seksjonen for kroppsøving og pedagogikk, ved
Norges idrettshøgskole (NIH). Oppgåva er ein del av eit større prosjekt på seksjonen
som har namnet: Hva skjer i skolen?
Studien si hensikt er å klargjere korleis innsats vert oppfatta, gjennomført og erfart i
kroppsøving på elev og lærarnivå. Hensikta er vidare å sjå korleis forskrifta om innsats i
frå 2012 er praktisert og tolka i kroppsøving.
Oppgåva er forankra i det sosialkonstruktivistiske perspektivet og har eit
læreplanteoretisk perspektiv utvikla av John I. Goodlad (1979). Sentralt i teorien er
tolking av læreplanen på ulike nivå i skuleverksemda. Goodlad sit omgrepsapparat
fortel om ulike tolkingar av læreplanen, frå den ideologiske læreplanen på globalt og
nasjonalt nivå ned til den erfarte læreplanen på elevnivå. Utdanningsdirektoratet si
forskrift om innsats i frå 2012 står sentralt gjennomgåande i oppgåva og i analysen.
Det er brukt intervju innanfor kvalitativ metode som forskardesign. 2 lærarar og 12
elevar ved ein ungdomskule står for datagrunnlaget i oppgåva.
Studien har vist at lærarane basera seg i stor grad på skjønn, og på ei individuell tolking
i forskrifta. Lærarane arbeidar saman om to klasser i kroppsøving og har gjennom
samarbeidet opparbeida seg felles arbeidsformer, men det viser seg at dei har ulik
forståing av korleis innsats vert vist som haldning. Elevane er reflekterte og er opptatt
av å vise innsats slik dei oppfattar er forventa. Innsats er noko elevane skal vise på
ordentleg. Studien har kanskje opna fenomenet litt meir, slik at framtidig forsking kan
sjå vidare på korleis lærarane kan realisere det dei oppfattar som faget sin eigenart, og
korleis elvane opplever sitt handlingsrom for å vise innsats, ha medverknad og uttrykke
ansvaret dei tek i faget. | nb_NO |