Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSkjeldal, Gudmund
dc.date.accessioned2022-06-24T11:42:14Z
dc.date.available2022-06-24T11:42:14Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.isbn978-82-502-0604-5
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3000586
dc.descriptionAvhandling (doktorgrad) - Norges idrettshøgskole, 2022en_US
dc.description.abstractSeinhausten 1907 blei fire norske kjende skiløparar fråtekne amatørverdigheita si av Norsk idrætsblad. Dei hadde takka ja til å bli med i eit revynummer i Hippodromen i London, der dei skulle hoppa på ski, innandørs. Ei lang linje av åtvaring mot akrobatikk og sirkus i norsk idrettsoffentlegheit sidan 1860-åra nådde eit slags klimaks. I denne avhandlinga gjev eg ei idéhistorisk framstilling av kva amatørførestillingar som fanst i norsk idrettsoffentlegheit, og korleis dei utvikla seg, i åra 1866-1907. Antagonisten i norsk idrettsamatørisme var ikkje så mykje profesjonisten som nettopp sirkusartisten. Problemet med han, og prinsipielt sett ho, var ikkje primært at denne figuren tente pengar på framsyningane sine, men at han gjorde skihoppinga til noko latterleg og dumdristig, og framfor alt, at sirkus sikta på å gjera publikum til måpande, passive, tilskodarar. Grunntanken i norsk idrettsamatørisme, slik som eg har studert han særleg gjennom vinteridrettane ski og skøyter, var at folk, ungdom og vaksne, skulle ut og prøva seg. Konkurransane fekk verdien sin i inspirasjonen og standarden dei sette. Amatøromgrepet i pionerperioden 1866-1907 kan seiast å ha fleire dimensjonar; det er difor eg har kalla det amatørførestillingar. Den juridiske dimensjonen knytt til reglar, definisjonar og dommar, kom for alvor til Norge, og for så vidt Skandinavia, med tildragingane rundt skøyteløparen Axel Paulsen i 1888. Då sette han æra som han hadde vunne tidlegare, i spel. Den sosiale dimensjonen ved amatøromgrepet synte seg aller mest ved eit rostemne i Bergen i 1890. Foreningen til Ski-idrættens Fremme (Skiforeningen) i Kristiania hegna meir om den samlande og demokratiske funksjonen som Huseby- og Holmenkollrennet kunne seiast å ha fått. Men også redaktøren i Norsk idrætsblad, Sigvart Petersen, som var finansielt støtta av Skiforeningen, kunne røpa klassemessige blindfelt når han, inntil det famøse 1888, forsvarte amatørstatusen til Axel Paulsen. Den moralske armeringa i amatøromgrepet var særleg noko som dei to seinare redaktørane Ola Holen og Hagbarth Wergeland bygde inn. Eg har knytt særleg sistnemnde an til dygdetisk tenkning, slik som filosofen Alasdair MacIntyre har tolka denne tradisjonen. Med omforminga av programmet til Centralforeningen (til udbrædelse af idræt) i 1895 kom estetiske sider av amatørførestillingane godt mogleg til synes, men på ein ny måte. Norsk idrætsblad – som eg vil kalla ein berebjelke i den norske idrettsoffentlegheita – heldt fast i eit program om å vera upolitisk. Denne redaktørlinja blei broten radikalt i 1905. Då fall den æra som ein idrettsmann skulle trakta etter, saman med den æra som stod på spel for nasjonen, og dei politiske krava om sjølvstende og unionsoppløysing som dette nasjonsfellesskapet blei mynta ut i. Slik var ikkje (den aller første) idrettsboikotten av Nordiska Spelen i Stockholm vinteren 1905 nødvendigvis eit brot med amatørismen, men eit framhald og ei utvikling av han. Amatørførestillingane botna i ein danningstanke. Såleis er det ikkje alltid så lett å skilja det moralske draget frå den estetiske dimensjonen. Skiidrett og skøytesport skulle drivast med stil, heitte det. Eg oppfattar at begge idrettane delvis synte hopehavet sitt med, og noko av opphavet sitt i, kunsten. Til sist føreslår eg å betrakta amatørførestillingane som noko som definerte og skapte idrettsfeltet, rett og slett. Ved å bli flytta frå kunsten til idretten fekk amatøromgrepet fornya og utvida tyding. Slik kan førestillingane forståast som eit grunnomgrep i tradisjonen til Begriffsgeschichte: Amatøren var både ein figur som registrerte endringar og som endra historia sjølv. Idretten i Norge gjorde amatøren til sin figur. Og omvendt: Idrett var feltet der amatøren sigra.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.title«Kjærlighed», «Sportsgribbe» og «Cirkusartister»: Amatørførestillingar i norsk idrettsoffentlegheit 1866-1907en_US
dc.typeDoctoral thesisen_US
dc.description.versionpublishedVersionen_US
dc.description.localcodeInstitutt for idrett og samfunnsvitenskap / Department of Sport and Social Sciencesen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel