«Ligesaa ren som den Sne»: Amatøren i tidleg norsk idrettshistorie
Peer reviewed, Journal article
Accepted version
Date
2023Metadata
Show full item recordCollections
- Artikler / Articles [2119]
- Publikasjoner fra Cristin [1107]
Original version
Arr - Idéhistorisk tidsskrift. 2023,(3-4), 130-138.Abstract
I daglegtalen har amatørmessig gått frå å vera eit heidersnamn til å bli ei heller nedsetjande nemning. Kva det vil seia å elska ein aktivitet er blitt mindre viktig enn å gjera noko med kvalitet. Grovt sagt handlar dette om profesjonaliseringsprosessane i vestlege samfunn.
I samanheng av det ein i Norge gjerne kallar toppidretten, synest forholda faktisk å ha snudd seg heilt på hovudet: Der fråveret av pengeomsyn ein gong blei eit vilkår for god og amatørmessig utøving av langrenn eller maraton, verkar no, særleg i medieomtalen, store materielle inntekter å vera sjølve målet med sportstevlingane.
Kven var no eigentleg amatøren i tidleg norsk idrettshistorie? Dette spørsmålet sette eg meg føre å svara på i den doktorgraden som eg forsvarte sommaren 20221. Oppgåva var idehistorisk vinkla: Kvar kom tankefiguren frå? Kva utvikling skjedde i amatørførestillingane i perioden frå 1860-åra til omkring 1910, særleg med tanke på vinteridrettane ski og skøyteløp? Og kva rolle spela eigentleg dei framveksande reglane om pengane i alt dette?
Description
I Brage finner du siste tekst-versjon av artikkelen, og den kan inneholde ubetydelige forskjeller fra forlagets pdf-versjon. Forlagets pdf-versjon finner du på arrvev.no / In Brage you'll find the final text version of the article, and it may contain insignificant differences from the journal's pdf version. The definitive version is available at arrvev.no