Endring i maksimalt oksygenopptak med aukande alder: eit tverrsnittstudie av vaksne og eldre frå Oslo og omegn
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/171576Utgivelsesdato
2010Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn: Aukande alder er assosiert med fysiologiske endringar som fører til redusert maksimalt
oksygenopptak (VO2maks), noko som gjer at eldre i kvardagen må bruke ein større del av
sin VO2maks for å utføre daglege arbeidsoppgåver. I tillegg til eit minstekrav for ein
sjølvstendig livsstil er VO2maks også ein svært god uavhengig variabel i forhold til
helsestatus. I Norge har vi få studiar på fysisk form målt som VO2maks. Formålet med
undersøkinga var å finne den aldersrelaterte endringa i VO2maks hjå eit representativt
utval vaksne og eldre frå Oslo og omegn.
Metode: Deltakarane vart tilfeldig trekt frå utvalet i eit allereie eksisterande studie; Kartlegging
Aktivitet Norge (Kan1). Kan1 var eit kartleggingsstudie som skulle auka kunnskapen
om fysiske aktivitetsvanar og faktorar relatert til fysisk aktivitet i eit landsrepresentativt
utval av vaksne og eldre i Norge. Fase 2 av studien omhandla kartlegging av fysisk
form i eit utval av deltakarane i Kan1 fase 1 og det var dette arbeidet oppgåva tok
utgangspunkt i. VO2peak vart testa hjå 213 personar frå 20-85 år frå Oslo og omegn
gjennom ein modifisert Balke-protokoll til utmatting. Kriterier for godkjent test var Rverdi
≥ 1,10 eller Borg-verdi ≥ 17.
Resultat: 101 menn og 100 kvinner (94 %) tilfredsstilte kriterier for godkjent test. VO2peak
reduserast i ein hastigheit på 0,52 og 0,32 ml·kg-1·min-1 per år. Dette tilsvarar 9,9 og 7,5
% per tiår. Reduksjonen var signifikant større for menn enn for kvinner (P < 0,001).
Uttrykt per kg feittfri masse var reduksjonen per år ikkje lenger forskjellig mellom
kjønn (0,49 og 0,39 ml·kg FFM-1·min-1 for høvesvis menn og kvinner) (P = 0,10).
Konklusjon: VO2peak reduserast lineært hjå begge kjønn, men med ein større hastigheit hjå menn enn
kvinner. Resultata må avgrensast til å gjelde etnisk norske menn og kvinner av høgare
sosioøkonomisk status då denne gruppa var sterkt overrepresentert i undersøkinga.
Beskrivelse
Masteroppgave – Norges idrettshøgskole, 2010.