dc.description.abstract | Forsking gjort på elevmedverknad i norsk skule indikerer at statusen ikkje er
tilfredsstillande. Elevmedverknad kan vere eit middel for å oppnå betre motivasjon og
læring i skulen. I masteroppgåva som utgjer forskingsdelen av oppgåva har elevane
skildra ulike opplevingar og erfaringar dei har med elevmedverknad på idrettsfag.
Problemstillinga i undersøkinga er: Kva oppfatningar og erfaringar har elevar på
idrettsfag med elevmedverknad? For å dekkje problemstillinga har elevane blant anna
skildra kva dei legg i omgrepet elevmedverknad, kva erfaringar og opplevingar dei har
med elevmedverknad i opplæringa, verdien dei ser av denne og kome med forslag til
forbetring på området.
Kvalitativ metode er nytta grunna fleksibiliteten ved metoden, og fordi metoden gjev eit
godt utgangspunkt for den type problemstilling oppgåva søkjer svar på.
Semistrukturerte intervju var med på å auke forståinga for elevane sine ytringar som
gjaldt elevmedverknad.
Informantane har nokså lik oppfatning av kva elevmedverknad tyder. Dei har erfaringar
med denne både i planleggingsarbeidet, gjennomføringa og vurderingsarbeidet. Elevane
ser verdien med elevmedverknad, og ynskjer meir av det generelt, men ikkje i
vurderinga. Dei åtte informantane kjem med tips til korleis læraren kan betre
situasjonen kring elevmedverknad, noko som kan tyde på eit forbetringspotensiale.
Resultata i studien er diskutert i høve til relevant litteratur. Avslutningsvis i oppgåva
kjem nokre forslag til måtar å betre praksisen rundt elevmedverknad. Føremålet med det
er å gje lærarar inspirasjon og nye idear som kan lette vegen med elevmedverknad
vidare. | no_NO |