Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorNorheim, Malin
dc.date.accessioned2013-09-10T11:41:55Z
dc.date.available2013-09-10T11:41:55Z
dc.date.issued2013
dc.identifierSeksjon for kroppsøving og pedagogikk / Department of Physical Education
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/171862
dc.descriptionMasteroppgave - Norges idrettshøgskole, 2013no_NO
dc.description.abstractForsking gjort på elevmedverknad i norsk skule indikerer at statusen ikkje er tilfredsstillande. Elevmedverknad kan vere eit middel for å oppnå betre motivasjon og læring i skulen. I masteroppgåva som utgjer forskingsdelen av oppgåva har elevane skildra ulike opplevingar og erfaringar dei har med elevmedverknad på idrettsfag. Problemstillinga i undersøkinga er: Kva oppfatningar og erfaringar har elevar på idrettsfag med elevmedverknad? For å dekkje problemstillinga har elevane blant anna skildra kva dei legg i omgrepet elevmedverknad, kva erfaringar og opplevingar dei har med elevmedverknad i opplæringa, verdien dei ser av denne og kome med forslag til forbetring på området. Kvalitativ metode er nytta grunna fleksibiliteten ved metoden, og fordi metoden gjev eit godt utgangspunkt for den type problemstilling oppgåva søkjer svar på. Semistrukturerte intervju var med på å auke forståinga for elevane sine ytringar som gjaldt elevmedverknad. Informantane har nokså lik oppfatning av kva elevmedverknad tyder. Dei har erfaringar med denne både i planleggingsarbeidet, gjennomføringa og vurderingsarbeidet. Elevane ser verdien med elevmedverknad, og ynskjer meir av det generelt, men ikkje i vurderinga. Dei åtte informantane kjem med tips til korleis læraren kan betre situasjonen kring elevmedverknad, noko som kan tyde på eit forbetringspotensiale. Resultata i studien er diskutert i høve til relevant litteratur. Avslutningsvis i oppgåva kjem nokre forslag til måtar å betre praksisen rundt elevmedverknad. Føremålet med det er å gje lærarar inspirasjon og nye idear som kan lette vegen med elevmedverknad vidare.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.subjectidrettsfagno_NO
dc.subjecteleverno_NO
dc.subjectlæreplanerno_NO
dc.subjectvideregående skoleno_NO
dc.titleElevmedverknad på idrettsfag: Ei kvalitativ undersøking med åtte elevar på idrettsfagno_NO
dc.typeMaster thesisno_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel