Show simple item record

dc.contributor.authorEide, Hanne Halland
dc.date.accessioned2014-02-25T12:52:47Z
dc.date.available2014-02-25T12:52:47Z
dc.date.issued2013
dc.identifierSeksjon for kultur og samfunn / Department of Cultural and Social Studies
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/171940
dc.descriptionMasteroppgave - Norges idrettshøgskole, 2013no_NO
dc.description.abstractFøremålet med denne studien er å undersøkje uavhengigheit i Stiftelsen Antidoping Norge (ADN) frå 1998 og fram til i dag. På bakgrunn av fleire uheldige hendingar i internasjonal toppidrett seint på 1990-talet, vart det sett fokus på eit mangelfullt antidopingarbeid. Saman med evalueringsrapporten frå Europarådet, vart det sett på ulike løysingar for organisering av antidopingarbeidet i Norge. I studien blir det difor sett nærmare på utviklinga til antidopingorganisasjonen i Norge frå organisering i Etikkavdelinga underlagt Norges Idrettsforbund og Olympiske Komité (NIF), til eiga stifting som tar mål av seg å vere ein uavhengig organisasjon. Problemstillinga for studien er som følgjer: ”På kva måte har antidopingarbeidet i Norge utvikla seg frå 1998 og fram til i dag med vekt på spørsmålet om uavhengigheit”. Det teoretiske bidraget for å belyse problemstillinga er henta frå teorien om interessentar, teorien om ressursavhengigheit og institusjonalismen med vekt på omgrepet likedanning. Eit sentralt spørsmål i studien har vore å sjå om ADN er ein uavhengig organisasjon frå sine aktørar. Hovudfunna i studien tyder at antidopingarbeidet i Norge har eit godt omdømme både nasjonalt og internasjonalt. Det er lite som tyder på at organisasjonen lar seg påverke verken i den eine eller andre retninga. Likevel er ikkje ADN i følgje teoriane, slik organisasjonen er bygt opp, totalt uavhengige frå sine aktørar. Uavhengigheit er eit komplekst emne. Antidopingarbeidet har utvikla seg frå å vere ei avdeling underlagt NIF i 1998, til å bli ei uavhengig stifting som i praksis framstår som ein tillitsvekkande og uavhengig organisasjon, med høg legitimitet og godt omdømme både internasjonalt og nasjonalt, i 2013. Det kan ikkje lenger stillast spørsmålsteikn ved uavhengigheita i forhold til kontroll- og påtaleverksemda. På bakgrunn av teoriane viser studien at ADN på tross av dette er ein organisasjon som er avhengig av nokre av aktørane i omgjevnaden for å overleve. Avstanden mellom empiri og teori viser kompleksiteten ved uavhengigheit.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.subjectantidopingno_NO
dc.subjectdopingno_NO
dc.titleAntidoping Norge og uavhengigheit: Organisering av antidopingarbeidet i Norge i eit uavhengigheitsperspeltivno_NO
dc.typeMaster thesisno_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record