Nativ myse kontra lettmjølk: effekt av 12 veker regelbunden styrketrening og proteintilskot på anabol signalering: ei dobbel-blinda, randomisert og kontrollert studie
Abstract
INTRODUKSJON: Inntak av mjølkeprotein kan stimulera myofibrillær proteinsyntese
(MPS) etter éi styrketreningsøkt. Auka MPS er eit resultat av auka aktivitet i anabole
signalvegar, med markørar som bl.a. fosforylering av p70S6k (p-p70S6k). Aminosyra
leucin har blitt sett på som ein potent triggar av MPS. Derfor har det blitt antatt at
proteinkjelder som gir ein rask auke i leucin i blod kan vera fordelaktig for muskulære
adaptasjonar til styrketrening. Målet med denne masteroppgåva var å undersøka om
supplementering med nativ myse (100% myseprotein), som gir ein rask auke i leucin i
blod, stimulera aktiviteten i anabole signalvegar i større grad enn mjølkeprotein (20%
myseprotein, 80% kaseinar), og om dette fører til større muskelvekst og auke i styrke
etter 12 veker med styrketrening og proteinsupplementering.
METODE: 22 menn og kvinner (30±6 år) vart randomisert til å innta anten mjølk eller
nativ myse. Begge gruppene gjennomførte tung styrketrening i 12 veker (tre økter per
veke). Protein vart gitt direkte etter kvar økt, i tillegg til morgon eller kveld (2 x 20g
kvar dag). Muskelbiopsiar vart teke 30 minutt før og to timar etter første og siste
treningsøkt, og vart analysert for hypertrofisignalering og fiberareal. Muskelstyrke i
beinpress og tjukn og tverrsnitt av m. vastus lateralis vart målt før og etter
treningsintervensjonen.
Description
Masteroppgave - Norges idrettshøgskole, 2016