Show simple item record

dc.contributor.authorSalveson, Johan Elverum
dc.date.accessioned2016-08-22T12:19:11Z
dc.date.available2016-08-22T12:19:11Z
dc.date.issued2016-08-22
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2400406
dc.descriptionMasteroppgave - Norges idrettshøgskole, 2016nb_NO
dc.description.abstractFotball er den største idretten for både menn og kvinner i Noreg. På kvinnesida verkar det likevel å vere eit misforhold mellom kor populært det er å utøve idretten og anerkjenninga ein oppnår som utøvar. Det ser ut til at kvinnelege fotballspelarar lid under at dei i større grad vert samanlikna med herreklassen enn det som er tilfellet i mange andre idrettar, trass i at merittlista på kvinnelandlaget er langt meir imponerande enn på herrelandslaget. Fotball skil seg frå mange andre ballspel for lag ved at kvinner og menn spelar med nøyaktig same reglar. Har dette bidrege til at det vert lettare å samanlikne menn og kvinner i fotball? Lite er skrive om kvifor ein enda opp med ein slik praksis, og om kjønnstilpassa reglar kan ha noko føre seg i fotball. Denne studien kombinerer element frå historisk og filosofisk metode i forsøk på å svare på følgjande problemstillingar: 1. Kan historia om framveksten av norsk kvinnefotball hjelpe oss med å forstå kvifor menn og kvinner i dag nyttar dei same spelereglane i toppfotballen? 2. Fins det grunnlag for ein etisk diskurs kring kjønnstilpassa reglar i fotball? Studien set framveksten av kvinnefotballen i Noreg i samanheng med historia i resten av samfunnet, i forsøk på å forstå kvifor fotball har enda opp med ein annan regelpraksis enn ballspel som handball og volleyball. Filosofidelen tek i bruk normer og teori frå idrettsfilosofien for å diskutere og undersøke om det fins grunnlag for ein etisk diskurs kring kjønnstilpassa reglar i fotball. Studien gjev innsikt i ein periode frå kvinnefotballen si historie som har vore lite omtala i tidlegare forsking. Ei god oversikt over framveksten av norsk kvinnefotball gjev ei auka forståing av kvifor menn og kvinne nyttar dei same spelereglane i dag. På 1970- talet kjempa kvinnefotballforkjemparane for at kvinner skulle få spele med like reglar som menn, samstundes som kvinnekampen gjekk føre seg i resten av samfunnet. Historiedelen i studien avdekker forhold som fortel at grunnlaget for avgjerda om å kjempe for like reglar var farga av politiske årsaker framfor årsaker knytt til spelopplevinga. Dette i seg sjølv er grunnlag for ein etisk diskurs kring kjønnstilpassa reglar i fotballen i dag. I filosofidelen vert det reist spørsmål kring om kvinner har same moglegheit for å prestere som menn under dagens reglement. Diskusjonen tek føre seg kva prestasjon er, og konkluderer med at kvinner ikkje har same moglegheit for å prestere som menn, dersom herrefotball er referansepunktet for kva som er mogleg å prestere i fotball.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectnihnb_NO
dc.subjectmasteroppgavernb_NO
dc.titleKjønnstilpassa reglar i fotball: en historisk-filosofisk studie av kvinnefotball i eit regelperspektivnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.description.localcodeSeksjon for kultur og samfunn / Department of Cultural and Social Studiesnb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record