Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorJarstadmarken, Ida
dc.date.accessioned2020-09-18T08:58:46Z
dc.date.available2020-09-18T08:58:46Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2678432
dc.descriptionMasteroppgave - Norges idrettshøgskole, 2020en_US
dc.description.abstractIntroduksjon: Menneske med psykose bør i følgje Helsedirektoratet (2018) ha tilbod om fysisk aktivitet i behandlingstilbodet sitt, men forsking viser at det er utfordrande å hjelpe pasientar med psykose til livsstilsendring (Abed, 2010). Mykje av forskinga som er gjort på psykosepasientar er forankra i eit biomedisinsk paradigme, og det er manglande kunnskap om pasientar sine eigne opplevingar av helse (La, Ungar, Malla, Frankish & Suto, 2014) og fysisk aktivitet i behandling (Borge, 2011). Det å inkludere menneske med alvorlege psykiske lidingar sine eigne opplevde erfaringar, kan utgjere ei viktig og rik kjelde til informasjon om helsefremjande arbeid (Mjøsund, 2017). Ut frå eit helsefremjande perspektiv (Hummelvoll & Dahl, 2012) kan det tenkjast at fysisk aktivitet kan vere noko større enn det definisjonen og nasjonale anbefalingar får fram, og kan romme meir enn berre det fysiske. Omgrepet «aktiv livsstil» nyttast derfor i dette prosjektet, i forsøk på å opne opp for at aktivitet ikkje nødvendigvis treng å innebere fysisk aktivitet. Forskinsspørsmål: Kva snakkar personar med psykose om når dei snakkar om omgrepet «aktiv livsstil»? På kva måte opplever dei å få støtte ved behandlingsinstitusjonen til å leve den aktive livsstilen slik dei snakkar om det? Metode: I prosjektet vart det nytta kvalitativ metode og fortolkande fenomenologisk analyse til analyse av datamaterialet. Det vart rekruttert tre deltakarar frå ein institusjon for menneske med psykoseproblematikk. Datainnsamling vart gjort ved bruk av semistrukturerte, gåande enkeltintervju, med bilete som hjelpemiddel i samtalen. Konklusjon: Ved å spørje deltakarane om deira assosiasjonar til omgrepet «aktiv livsstil» har eg fått fram individuelle, relasjonelle og kontekstuelle meiningsdimensjonar ved det å vere i aktivitet. Alle knytte med andre ord ein aktiv livsstil til samanhengar med familie og venner, dyr, stadar og natur. Dette er meiningsdimensjonar ved aktiv livsstil som endrar seg for deltakarane, på radikale måtar, når dei blir innlagt under psykisk helsevern. For institusjonar som ønska at pasientane skal oppretthalde aktivitetsnivået sitt, må desse dimensjonane ved å vere aktiv vere adressert og utgjere ein bakgrunn for den tilrettelegginga for aktivitet som skal skje. I tråd med dette har studien fått fram at det å vere innlagt syner seg som ein unntakssituasjon for pasientane, som opplev tilværet som til dels uverkeleg og som å leve på sida av seg sjølv. Dette er sentrale utfordringar for målet om at aktivitet skal inngå som ein del av behandlingstilbodet. Å vere aktiv kan ikkje forståast som eit nøytralt tiltak som tilførast pasienten utanfrå, men som ein integrert del av deira sjølvoppfatning og identitet.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.subjectnihen_US
dc.subjectmasteroppgaveren_US
dc.subjectpsykiatri
dc.subjectpsykoser
dc.subjectpasienter
dc.subjectmental helse
dc.subjectlivsstil
dc.subjectendringer
dc.subjectaktiviteter
dc.subjectfysisk aktivitet
dc.titleKva er ein aktiv livsstil for deg?: Ein kvalitativ studie av kva personar med psykoseproblematikk snakkar om når dei snakkar om omgrepet «aktiv livsstil»en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeInstitutt for idrettsmedisinske fag / Department of Sports Medicinceen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel