Show simple item record

dc.contributor.authorHansen, Sigrid Heien
dc.date.accessioned2021-08-18T19:34:38Z
dc.date.available2021-08-18T19:34:38Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2770170
dc.descriptionMasteroppgave - Norges idrettshøgskole, 2021en_US
dc.description.abstractMasteroppgåva sitt tema er kroppsøvingslærarane og deira følelsar i møte med elevar i skulen. Utgangspunktet er teke i forsking som vise at følelsar og emosjonell kompetanse er viktig i læraren sin profesjonsutøving, men at temaet samtidig er underbelyst. Forskingsspørsmåla oppgåva prøvar å svare på er: korleis erfarer kroppsøvingslærarar sine følelsar i møte med elevar i skulen, og på kva måte kan desse følelsane bli forstått som profesjonell kunnskap? Oppgåva sitt utval er av seks kroppsøvingslærarar frå ulike vidaregåande skular på Austlandet. Oppgåva sitt teoretisk rammeverk er Thomas Fuchs sin teori (2016a) om at følelsar er kroppslege, sosiale og kontekstuelle. Teorien blir gjort relevant i møte med lærarane og deira forteljingar, og brukast for å kontekstualisere følelsar i lærarane sitt sosiale samspel med elevane. Metodisk er oppgåva plassert i ein kvalitativ forskingstradisjon med intervju/dialogisk samtale som konkret metode, med bruk av ei semistrukturert og narrativ tilnærming. Analysen av materialet frå intervjua er framstilt i ei narrativt form for å halde lærarane sine forteljingar mest mogleg «levande». Forteljingane om følelsar får fram at det eksisterer ein betydeleg variasjon mellom kroppsøvingslærarane, om korleis dei erfarer følelsane sine i yrkesutøvinga. Det kjem fram at lærarane vektlegg det sosiale samspelet med elevane ulikt, og utøver yrket med ulik nærleik til sine eigne og elevane sine følelsar. Funna viser ein tendens til at desto meir personleg læraren utøve yrket sitt, desto meir utfordrande og komplekst opplev dei livet som lærar. Forteljingane får fram på ei side, korleis følelsar er ein positiv drivkraft hos lærarane i yrket, men også korleis følelsar kan opplevast som ei stor utfordring. Sentralt i profesjonsutøvinga er kollegamiljøet, som Tjora (sitert av Alver, 2000) trekk fram som avgjerande å bruke aktivt for hjelp og støtte i yrkeskvardagen. Samtidig kjem det fram i forteljingane at lærarame føler at sine eigne følelsar ikkje er eit naturleg tema som takast opp i profesjonsfellesskapet, då det blir sett på som ein privatsak. Oppgåva stilte også spørsmålet; på kva måte kan lærarane sine følelsar bli forstått som profesjonell kunnskap? Forteljingane får fram at lærarane må handtere ei kompleks kunnskapsbase, og at følelsar spelar ein sentral del av den. På same tid viser funna at kunnskap om følelsar blir neglisjert i lærarutdanninga og i kroppsøvingslærarane si opplevde yrkesutøving. Wrench og Garett (2015, s.225) beskriv undervisninga i kroppsøvingsfaget som ei fysisk, intellektuell, sosial og emosjonell oppgåve, men det ser ut til at den emosjonelle delen av profesjonsutøvinga har ein utydeleg plass som kunnskap, og har «forsvunne» i utdanninga av dagens kroppsøvingslærarar. Det kjem fram gjennom forteljingane til kroppsøvingslærarane korleis fleirtalet føler at dei må handtere situasjonar i møte med elevar, som dei ikkje har kunnskap eller kompetanse i å handtere. Fleirtalet av kroppsøvingslærarane føler dei manglar kunnskap til å utøve yrket «godt nok», også til å ta vare på seg sjølv i og etter arbeidskvardagen er over. På bakgrunn av dette, ønsker kroppsøvingslærarane auka innsikt og kompetanse om følelsar, slik at dei kan forstå eigne og elevar sine følelsar betre. Forhåpentlegvis kan lærarane sine forteljingar bidra til ein betre opplevd yrkesutøving for kroppsøvingslærarane og elevane, også til at ein får auga opp for følelsar som ein sentral del av læraren sin profesjonelle kunnskapsbase i yrkesutøvinga.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.subjectnihen_US
dc.subjectmasteroppgaveren_US
dc.subjectkroppsøving
dc.subjectlærere
dc.subjectkompetanse
dc.subjectundervisning
dc.subjectemosjoner
dc.subjectprofesjonelle
dc.subjectvideregående skole
dc.titleKroppsøvingslærarar sine forteljingar om følelsar i møte med elevar i skulen: Ein kvalitativ studie om seks kroppsøvingslærarar sine følelsar i møte med elevar i skulen, og på kva måte desse følelsane kan bli forstått som profesjonell kunnskap.en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeInstitutt for lærerutdanning og friluftslivsstudier / Department of Teacher Education and Outdoor Studiesen_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record