Praksis sin rolle i faget treningsleiing på idrettsfag: Ein kvalitativ studie av elevar og lærarar sine tankar og erfaringar med praksis i faget treningsleiing på idrettsfag i den vidaregåande skulen
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3152498Utgivelsesdato
2024Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Studien har som hensikt å undersøke elevar og lærarar sine tankar og erfaringar med bruken av praksis i lokalsamfunnet som ein del av faget treningsleiing på utdanningsprogrammet idrettsfag i den vidaregåande skulen. Studien er bygd opp med ein kvalitativ forskingsmetode der datainnsamlinga bestod av semistrukturerte intervju av seks elevar og to lærarar ved ein vidaregåande skule. Intervjua blei transkribert manuelt og analysert gjennom ein tematisk tilnærming inspirert av Braun og Clarke (2022) sine seks fasar for refleksiv tematisk analyse. Vidare blei resultata diskutert i lys av det teoretiske grunnlaget. Dette bygger på Vygotsky (1978) sin sosiokulturelle læringsteori og Lave og Wenger (2003) sin teori om praksisfellesskap og situert læring. Desse teoriane blir, saman med omgrepet djupnelæring (Gamlem & Rogne, 2016), brukt for å utvikle ei forståing og oversikt over utvalet sine erfaringar. Vidare vert den overordna læreplanen (Kunnskapsdepartementet, 2017) og læreplanen for faga Treningsleiing 1 og 2 (Utdanningsdirektoratet, 2020a) nytta i diskusjonen av resultata. Goodlad sine læreplannivå (Gundem, 1990) vert nytta for å tolke og diskutere læreplan.
Elevane erfarer at undervisninga dei får i faget treningsleiing er nyttig og gir dei ein grunnleggjande forståing av rolla som gode trenarar og leiarar. Lærarane opplev også denne undervisninga som viktig, det då den gir gode moglegheiter for ei undervisning som er tilpassa elevane si proksimale utviklingssone. Vidare erfarer alle at praksisen er ein viktig vidareføring av undervisninga på skulen. Dette gjennom at dei opplev nye utfordringar og får meir mengdetrening i eit situert miljø. Friheit frå skulens vurderingspress blir også trekt fram som sentralt for læringsutbyttet. Utfordringar knytt til at praksisen blir gjennomført på kveldstid blir tatt opp av både lærarar og elevar. Ei løysing der praksisen blir lagt til skuletida er noko begge grupper ønskjer, og noko dei utforskar moglegheitene for. Alle er likevel samstemte i at dei positive sidene med praksis veg opp for utfordringane, og at den spelar ei essensiell rolle i faget treningsleiing. Generelt trekk alle informantane fram korleis dei ser på faget treningsleiing og praksisen i lokalsamfunnet som viktig i danningsprosessen og den personlege utviklinga til elevane.
Beskrivelse
Masteroppgave - Norges idrettshøgskole, 2024