Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorYlvisåker, Einar
dc.date.accessioned2011-03-15T10:50:11Z
dc.date.available2011-03-15T10:50:11Z
dc.date.issued2010
dc.identifierSeksjon for idrettsmedisinske fag / Department of Sports Medicine
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/171578
dc.descriptionMasteroppgave – Norges idrettshøgskole, 2010.en_US
dc.description.abstractBakgrunn: Fysisk inaktivitet er eit folkehelseproblem i motsetnad til fysisk aktivitet (FA) som er relatert til god helse og auka velvære. For å kartlegge endringar i FA-nivå og aktivitetsmønster i befolkninga over tid, evaluere ulike tiltak og kunne målretta nye blir det derfor viktig med presis registrering av FA. Kartlegginga av FA er gjort med subjektive metodar, for det meste sjølvregistrert både nasjonalt og internasjonalt. Objektive målemetodar er derimot berre nytta i eit fåtal studiar. Med større presisjon og mindre feilkjelder enn dei sjølvrapporterte data er objektiv målemetode med bruk av aktivitetsmålar eit nyttig hjelpemiddel. Hensikt: Studien skulle kartlegge FA-nivå for ei rural befolkningsgruppe med hjelp av objektivt målemetode. Totalt FA-nivå, oppfylling av tilrådingane for FA, kjønnsskilnadar, aktivitetsmønster og aktivitetstypar var variablar som blei granska. Metode: Tverrsnittstudien vart gjennomført på eit tilleggsutval som ein del av ei nasjonal kartlegging av FA (KAN1), der 314 personar i alderen 40-42 år frå indre Sogn i Sogn og Fjordane deltok. Deltakarprosenten av totalpopulasjonen var 60% og dataregistreringa gjekk over sju samanhengande dagar med hjelp av aktivitetsmålaren ActiGraph GT1M. I registreringsperioden fylte deltakarane ut spørjeskjema om aktivitetsvanar og aktivitetsmønster. Resultat: Utvalet hadde eit gjennomsnittleg FA-nivå på 412 teljingar/min men det var ingen skilnad i totalt FA-nivå mellom kjønna. Menn nytta meir tid i moderat/hard FA per dag samanlikna med kvinner (p=0,02) og helgeaktiviteten var høgare enn i resten av veka for begge kjønn (p=0.002). 30% av utvalet nådde tilrådingane om minimum 30 minutt dagleg moderat/hard FA. Dei hyppigast nytta fritidsaktivitetane for kjønna var turgåing og aktivitetar i skog og mark(87%). Konklusjon: 30% av utvalet nådde tilrådingane om minimum 30 minutt dagleg moderat/hard FA. Menn nytta meir tid i moderat FA per dag enn kvinner men det vart ikkje funne skilnadar i totalt FA-nivå mellom kjønna. FA-nivå i helgane var høgare enn i resten av veka og turgåing og aktivitetar i skog og mark var den mest nytta fritidsaktiviteten.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.subjectvoksneen_US
dc.subjectfysisk aktiviteten_US
dc.subjectinaktiveen_US
dc.subjectnivåen_US
dc.subjectSogn og Fjordaneen_US
dc.subjectmålingeren_US
dc.subjecttestingen_US
dc.titleFysisk aktivitetsnivå for kvinner og menn i aldersgruppa 40-42 år målt objektivt med akselerometer i tre kommunar i Sogn: ei tilleggsundersøking av Kartlegging Aktivitet Norge (KAN1)en_US
dc.typeMaster thesisen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel