Ulike føresetnadar for lokal organisering og tilrettelegging av idrett og fysisk aktivitet: eit komparativt studie av lokalidretten i Noreg
Abstract
I Noreg er den frivillige organiseringa av idrett organisert i tråd med den politiske
organiseringa med det nasjonale, regionale og lokale nivå. Når organisasjonar vert
tillagt større betydning, aukar behovet for kunnskap om kva dei er og kva ein kan
forventa av dei. Frivillige organisasjonar vert stadig oftare trukke fram som løysingar og
utfordringar i samfunnet for å skape idrett for alle. Dette er ein påverknadsfaktor i
forhold til organisasjonanes ressursar og legitimitetsgrunnlag. For å skaffe kunnskapen
om dei ulike organisasjonssamfunna treng ein informasjon og kunnskap frå deltakarane
og deira kapasitet. Denne oppgåva omhandlar dei ulike føresetnadane som ligg til grunn
for den lokale idretten. Oppgåva tek føre seg statleg politikkimplementering og
styringsverktøy og korleis dette har endra og påverke den lokale idretten sitt virke og
organisering. Fokuset i den fylgande problemstillinga er oppfylgt med to
delproblemstillingar, rette mot betydinga og utviklinga innanfor lokalidretten si
offentleg styring, virke og forvaltning i Noreg. Det teoretiske utgangspunktet er
institusjonell – og organisasjonsteori. Dei nasjonale trendane eksemplifiserar skiljet
mellom likedanning eller ulikskap av ulike organisasjonsstrukturar og kva påverknad og
utfordringar dette kan føre med seg. Analysen har blitt illustrert gjennom eit
komparativt case -studie, med Sogndal og Nordre Aker som representantar for bygde -
og byidretten. Empiridelen er basert på elleve djupneintervju og noko dokument i form
av organisasjonskart og kommunedelplanar.
Etter at kommunane fekk friare rom til å lette på det organisatoriske, indikerar dei
empiriske funna på at idretten har endra seg begge stader. Fleire av idrettslaga har gått i
retninga av å endre seg til meir profesjonaliserte organisasjonar og endra sitt
organisatoriske virke. Statleg myndigheit har indirekte påverknad på idrettslaga for å
realisere sine mål. Likevel er born og unge det område som har høgast prioritet i den
lokale by - og bygdeidretten. Spelemidlane er den største bidragsytaren og avgjerande
for realisering av anlegg og for å legge til rette aktivitet. Dette inneber at staten har
medverknad i forhold til å skape idrett for born og unge. Samtidig indikerar det på at
organisatoriske forhold har ein påverknad for by – idretten, der idretten som
forvaltningsorgan står svakare enn politisk. Oppgåva har avgrensa
generaliseringspotensiale for den generelle lokale idretten i Noreg, men kan på
bakgrunn av funna i oppgåva, illustrere den lokale idretten i by og bygd.
Description
Masteroppgave - Norges idrettshøgskole, 2011