Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorYstaas, Bjørn-Eirik
dc.date.accessioned2013-09-10T10:28:35Z
dc.date.available2013-09-10T10:28:35Z
dc.date.issued2013
dc.identifierSeksjon for kroppsøving og pedagogikk / Department of Physical Education
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/171852
dc.descriptionMasteroppgave - Norges idrettshøgskole, 2013no_NO
dc.description.abstractDenne studien tek for seg praksisperioden for studentar på Praktisk-pedagogisk utdanning ved Norges Idrettshøgskole med fokus på kva dei lærer og korleis utdanninga påverkar denne læringsprosessen. Formålet med studien er å finna ut kva forventningar studentane har inn mot praksisperioden, kva dei lærer undervegs, og korleis dei reflekterer over det som skjer. I tillegg er det blitt sett på om utdanninga bidrar til at studentane klarar å binda teori opp mot praksis, og om den undervisninga som blir gitt på NIH bidrar til at elevane utviklar sin eigen måte å undervisa på gjennom praksisperioden. Det har vorte brukt kvalitative metodar, kor observasjon og videofilming av undervisningstimar, pre- og postintervju i samband med undervisninga, og semistrukturerte intervju i ettertid har bidrege til datainnsamling. Det vart videofilma tre undervisningstimar av kvar student som seinare vart analysert. Desse videofilmane gav grunnlag til reflekterande samtalar i eit semi-strukturert intervju med studentane, kor dei fekk sjå seg sjølve undervisa og reflektera kring interessante didaktiske situasjonar og generelt kring si eiga lærarrolle. Her vart det også diskutert om NIH klargjorde studentane til praksis, og om høgskulen bidrog til at studentane fekk utvikla sin eigen læraridentitet når dei prøvde seg i praksisfeltet. Det er tre studentar som har deltatt i studien og alle deltok individuelt. Studentane var utplasserte på same praksisskule og hadde dei same øvingslærarane.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.subjectkroppsøvingno_NO
dc.subjectpraksisno_NO
dc.subjectstudenterno_NO
dc.subjectlæringno_NO
dc.titleIntensjon og realitet: Ei undersøking om læring i praksisundervisninga ved Norges Idrettshøgskoleno_NO
dc.typeMaster thesisno_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel