Antidoping Norge og uavhengigheit: Organisering av antidopingarbeidet i Norge i eit uavhengigheitsperspeltiv
Abstract
Føremålet med denne studien er å undersøkje uavhengigheit i Stiftelsen Antidoping
Norge (ADN) frå 1998 og fram til i dag. På bakgrunn av fleire uheldige hendingar i
internasjonal toppidrett seint på 1990-talet, vart det sett fokus på eit mangelfullt
antidopingarbeid. Saman med evalueringsrapporten frå Europarådet, vart det sett på
ulike løysingar for organisering av antidopingarbeidet i Norge. I studien blir det difor
sett nærmare på utviklinga til antidopingorganisasjonen i Norge frå organisering i
Etikkavdelinga underlagt Norges Idrettsforbund og Olympiske Komité (NIF), til eiga
stifting som tar mål av seg å vere ein uavhengig organisasjon. Problemstillinga for
studien er som følgjer: ”På kva måte har antidopingarbeidet i Norge utvikla seg frå
1998 og fram til i dag med vekt på spørsmålet om uavhengigheit”. Det teoretiske
bidraget for å belyse problemstillinga er henta frå teorien om interessentar, teorien om
ressursavhengigheit og institusjonalismen med vekt på omgrepet likedanning.
Eit sentralt spørsmål i studien har vore å sjå om ADN er ein uavhengig organisasjon frå
sine aktørar. Hovudfunna i studien tyder at antidopingarbeidet i Norge har eit godt
omdømme både nasjonalt og internasjonalt. Det er lite som tyder på at organisasjonen
lar seg påverke verken i den eine eller andre retninga. Likevel er ikkje ADN i følgje
teoriane, slik organisasjonen er bygt opp, totalt uavhengige frå sine aktørar.
Uavhengigheit er eit komplekst emne. Antidopingarbeidet har utvikla seg frå å vere ei
avdeling underlagt NIF i 1998, til å bli ei uavhengig stifting som i praksis framstår som
ein tillitsvekkande og uavhengig organisasjon, med høg legitimitet og godt omdømme
både internasjonalt og nasjonalt, i 2013. Det kan ikkje lenger stillast spørsmålsteikn ved
uavhengigheita i forhold til kontroll- og påtaleverksemda. På bakgrunn av teoriane viser
studien at ADN på tross av dette er ein organisasjon som er avhengig av nokre av
aktørane i omgjevnaden for å overleve. Avstanden mellom empiri og teori viser
kompleksiteten ved uavhengigheit.
Description
Masteroppgave - Norges idrettshøgskole, 2013