Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHaugen, Marie Renate
dc.date.accessioned2014-09-15T13:30:55Z
dc.date.available2014-09-15T13:30:55Z
dc.date.issued2014
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/219765
dc.descriptionMasteroppgave - Norges idrettshøgskole, 2014nb_NO
dc.description.abstractFøremålet med denne studien var å få eit djupare innsyn i spiseforstyrra pasientar sine opplevingar og erfaringar knytt til fysisk trening, før- og under sjukdomsutviklinga, samt i tilfriskningsfasen. Tre kvinner i alderen 24-26 år som var diagnostisert med ei form for spiseforstyrring, deltok i eit semistrukturert intervju. Alle kvinnene var under intervjuet i tilfriskningsfasen av sjukdomen. Data vart tematisk analysert ved bruk av fortolkande fenomenologisk analyse (IPA; Smith, Flowers & Larkin, 2009). Tema som framstod som sentrale relatert til føremålet med oppgåva, var informantane sitt forhold til fysisk trening, motiv for fysisk trening og negative psykososiale forhold relatert til idrettsmiljøet. Gjennom dei ulike fasane av sjukdomen flukterte informantane sitt forhold til fysisk trening. Før sjukdomsutviklinga kunne ein tydeleg sjå at alle informantane hadde eit avslappa forhold til fysisk trening, medan forholdet vart meir anstrengt under sjukdomsutviklinga. I tilfriskningsfasen kunne ein igjen sjå innslag av eit avslappa forhold til fysisk trening, men i ulik grad hjå informantane. Motiv for fysisk trening framstod som indre regulert før sjukdomsutviklinga, der glede og aktivitetens eigenverdi stod sentralt, på same tid kom motiv som sosiale aspekt og trening for å bli betre fram. Under sjukdomsutviklinga endra motiva for trening seg, og vart i større grad prega av ytre motivasjon, der vektregulering, psykologisk velvære og betra fysisk form var sentrale dimensjonar. I tilfriskningsfasen kunne ein igjen sjå indre motiv for trening hjå to av informantane, sjølv om ytre motiv som vektregulering, betre fysisk form, og psykososialt velvære fortsatt var sentrale dimensjonar. Når det gjaldt negative psykososiale forhold relatert til idrettsmiljøet, spelte dette temaet ein sentral rolle hjå ein av informantane. Her var ein ugunstig trenarrolle, samt ein ugunstig utøvarrelasjon sentrale undertema, noko som kunne relaterast til prestasjonsklima og ego-orientering. Resultata i denne studien er diskutert i lys av den duslistiske modellen for lidenskap (Vallerand, Blanchard, Mageau, Koestner, Ratelle, Le`onard & Gagne´, 2003) og sjølvbestemmelsesteorien (SBT; Deci & Ryan, 2007).nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectspiseforstyrrelsernb_NO
dc.subjectfysisk aktivitetnb_NO
dc.subjecttreningnb_NO
dc.subjecterfaringnb_NO
dc.subjectmotivasjonnb_NO
dc.titleSpiseforstyrra pasientar sine opplevingar og erfaringar knytt til fysisk trening: ein fortolkande fenomenologisk analysenb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.description.localcodeSeksjon for idrettsmedisinske fag / Department of Sports Medicinenb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel