Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSørdal, Solveig
dc.date.accessioned2015-10-21T12:11:01Z
dc.date.available2015-10-21T12:11:01Z
dc.date.issued2015-10-21
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2357507
dc.descriptionMasteroppgave - Norges idrettshøgskole, 2015nb_NO
dc.description.abstractDet er eit behov for auka behandlingskompetanse, større kapasitet og fleire forskingsbaserte behandlingstilbod for personar med spiseforstyrringar. Dei moglege fordelane av å nytte tilpassa og rettleia fysisk aktivitet i behandling har fått auka merksemd dei siste åra. Føremålet med denne studien var å undersøke og skildre deltakarane sine erfaringar med eit nytt behandlingstilbod beståande av fysisk aktivitet og kosthaldsterapi. Det vart gjort kvalitative, semistrukturerte intervju med fem deltakarar. Intervjua vart analysert ved bruk av systematisk tekstkondensasjon, og resulterte i fire kategoriar; 1) Eit nytt syn på mat; 2) Å dele problema sine med ei samansett gruppe; 3) Eit fornya forhold til trening; og 4) Innsikt i eigen tilfriskingsprosess. Funna viser at fysisk aktivitet og kosthaldsterapi kan bidra til å ta viktige steg i ein tilfriskingsprosess. Behandlinga gav deltakarane auka kunnskap om mat, trening og energibehov. Dette bidrog til tryggleik og evne til å identifisere triggarar og strategiar for å unngå overspisingsepisodar og kompensatorisk åtferd. Å delta i gruppeterapi var fordelaktig i form av å få støtte og aksept for problema sine, men ulike typar spiseforstyrringar og problemstillingar internt i gruppa skapte utfordringar, og tydeleggjorde eit behov for meir konkret tildeling av tid til kvar enkelt deltakar i gruppesamtalen. Deltakarane fekk eit fornya forhold til trening gjennom meistringsopplevingar og eit balansert aktivitetsnivå, som vidare bidrog til ei regulering av motivet for å vere fysisk aktiv. Behandlinga bidrog til innsikt i eigen tilfriskingsprosess, og ei forståing for at vegen vidare ville bli krevjande.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectnihnb_NO
dc.subjectmasteroppgavernb_NO
dc.subjectkosthold
dc.subjectfysisk aktivitet
dc.subjectspiseforstyrrelser
dc.subjectbehandling
dc.titleFysisk aktivitet og kosthaldsterapi i behandling av spiseforstyrringar: ein kvalitativ intervjustudie av deltakarane sine erfaringarnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.description.localcodeSeksjon for idrettsmedisinske fag / Department of Sports Medicinenb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel