Effekt av Kinesio Tape på muskelstyrke i m. quadriceps femoris: ein randomisert kontrollert studie på pasientar med kneplagar og veikskap i quadricepsmuskulaturen
Abstract
Kneplagar rammar om lag 25 % av den vaksne befolkninga, og mange av
pasientane har nedsett styrke i m. quadriceps femoris. Kinesio Tape (KT) er eit av mange
tiltak som vert nytta i behandlinga av pasientar med kneplagar. Sjølv om den evidensbaserte
litteraturen om KT ikkje er eintydig, opplev mange god effekt av teipen. KT har som mål å
normalisere eller endre ein dysfunksjon, men mange studiar som omhandlar KT har imidlertid
inkludert friske deltakarar. Desse studiane har konkludert med at KT ikkje har noko effekt.
KT kan påverke muskelstyrke ved anten å inhibere eller fasilitere muskelen til auka
kraftutvikling. Ved å nytte ein manuell rekyltest, vil ein kunne avdekke om pasientane vil
respondere på teipen, og ein får i tillegg informasjon om korleis teipen bør påførast (rekyl og
strekk) for å oppnå endring i muskelstyrke.
Description
Masteroppgave - Norges idrettshøgskole,2015