Samanheng mellom fysisk aktivitet og skuleprestasjon: Samanhengen mellom fysisk aktivitet og skuleprestasjon, og mogleg mediering av dei psykologiske behov i sjølvbestemmelsesteorien: Ein kvantitativ tverrsnittstudie basera på ScIM-prosjektet
Abstract
Bakgrunn: Jamleg blir det presentert studiar som både bekreftar og avkreftar at born oppnår kognitive fordelar av deltaking i fysisk aktivitet. To svenske studiar viser til at innføring av ekstra kroppsøving betra skuleprestasjonen til elevane i faga svensk, engelsk, matematikk og kroppsøving (Ericsson & Karlsson, 2014; Käll, Nilsson & Lindén, 2014). I motsetning har ein dansk og ein norsk studie vist at organisering av ekstra fysisk aktivitet i skulekvardagen ikkje har noko effekt på skuleprestasjon (Bugge et al., 2018; Aadland, 2018) Desse motstridande funn har ført til at stadig fleire har undersøkt om det finnes medierande faktorar som kan gjera oss i stand til å betre forstå ein eventuell samanheng mellom fysisk aktivitet og skuleprestasjon (Fox, Barr-Anderson, Neumark-Sztainer & Wall, 2010). Formål: Formålet med denne masterstudien var å finne ut om det er ein samanheng mellom aktivitetsnivå og skuleprestasjon, og om ein eventuell samanheng er mediert av dei psykologiske behova autonomi, kompetanse og tilhøyregheit i sjølvbestemmelsesteorien. Metode: Våren 2017 blei det samla inn data frå 886 elevar fordelt på 11 ungdomsskular i Akershus fylke. Akselerometer blei nytta for å måle aktivitetsnivå. Spørjeskjema blei brukt for å skaffe informasjon om elevane sine karakterar, som vidare vart nytta som mål på skuleprestasjon. Mål av tilfredsstilte psykologiske behov blei innhenta gjennom elevane sine svar på BPNES.
Description
Masteroppgave - Norges idrettshøgskole, 2018