Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorØygard, Eivind
dc.date.accessioned2019-07-09T07:40:06Z
dc.date.available2019-07-09T07:40:06Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2603825
dc.descriptionMasteroppgave - Norges idrettshøgskole, 2019nb_NO
dc.description.abstractInnleiing: Det er vanleg praksis innanfor fleire uthaldsidrettar å utføre ein form for tidleg oppvarming på morgonen for å førebu kroppen til konkurranse fleire timar seinare. Nokre studiar har vist at morgonøkter med høg intensitet og lågt volum, som styrke-, sprint-, eller spensttrening kan betre kraftutvikling, maksimal styrke og hurtigheit 2-6 timar seinare, medan få undersøkingar er gjort på om slike morgonøkter kan betre prestasjonen i uthaldsidrettar. Hensikta med prosjektet var å undersøke om ei morgonøkt (5 timar før test) beståande av tung styrketrening påverka prestasjonen i staking på rulleski. Metode: Åtte langrennsløparar (♂= 7, ♀ = 1) vart rekruttert (22 ± 4 år, 70,4 ± 7,8 kg, 182 ± 9 cm, 67,1 ± 5,9 mL · kg-1 · min-1). Basert på eit counterbalanced crossover design, gjennomførte forsøkspersonane (FP) ei morgonøkt (< kl. 08:00) beståande av anten tung styrketrening med lågt volum (knebøy og sitjande overtrekk: 3 x 3 repetisjonar; motstand: 5 repetisjonar maksimum (RM)) (Styrke) eller ingen aktivitet (Kvile). Fem timar seinare (< kl. 13:00) gjennomførte FP ein testprotokoll beståande av «counter-movement jump» (CMJ) på kraftplattform, O2-kostnad i staking, 30 m rulleskisprint i staking før og etter ein tid-til-utmattingstest (TTU; ~2-4 min), samt elektrisk stimulering av m. vastus medialis. Dagsform og klarheit for prestasjon vart også registrert. Resultat: FP staka 4,4 ± 5,9 % (95 % KI) lenger på TTU ved Styrke, men betringa var ubetydeleg og ikkje signifikant (p = 0,23; ES: 0,19). Det var heller ingen signifikante eller meiningsfulle skilnadar mellom Kvile og Styrke ved CMJ på kraftplattform, 30 m rulleskisprint i staking før og etter TTU, O2-kostnad eller psykologiske parametrar (p > 0,05). Konklusjon: Ei morgonøkt beståande av tung styrke påverka ikkje prestasjonen i staking 5 timar seinare. Morgonøkta påverka heller ikkje CMJ, O2-kostnaden i staking eller psykologiske parametrar, noko som indikerer at ein kan legge inn slike morgonøkter på konkurransedagar utan at det går utover prestasjonsevna.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectNIHnb_NO
dc.subjectmasteroppgavernb_NO
dc.titleEi morgonøkt med tung styrke påverkar ikkje stakeprestasjonen på ettermiddagennb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.description.localcodeSeksjon for fysisk prestasjonsevne / Department of Physical Performancenb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel