Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKleppe, Maria
dc.date.accessioned2019-07-31T09:29:23Z
dc.date.available2019-07-31T09:29:23Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2606824
dc.descriptionMasteroppgave - Norges idrettshøgskole, 2019nb_NO
dc.description.abstractBakgrunn: Grunna auka kunnskap kring helsefordelane knytt til fysisk aktivitet samt dei negative assosiasjonane knytt til sedat tid, har det dei siste åra vore eit aukt fokus på born og unges fysiske aktivitetsnivå samt sedate åtferd. I den nasjonale handlingsplanen for fysisk aktivitet (2005-2009), sammen for fysisk aktivitet, var eit av hovudmåla å auke andelen born og unge som tilfredsstilte nasjonale anbefalingar om minimum 60 minutt dagleg moderat-til-hard fysisk aktivitet. For å kunne skaffe til veie kunnskap kring norske born og unges aktivitetsnivå blei det i 2005-2006 utført ei nasjonal kartleggingsundersøking (ungKan1), som eit ledd i ei systematisk overvaking av befolkningas aktivitetsnivå. Som ei vidareføring av ungKan1 blei ungKan2 utført i 2011-2012, noko som gav moglegheita for å undersøke sekulære trendar i fysisk aktivitet og sedat tid blant norske 9- og 15 åringar. I 2017-2018 blei ytterlegare ei kartleggingsundersøking utført, som i likheit med den føregåande undersøkinga inkluderte 6 åringar. Hensikt: Formålet med denne oppgåva er å undersøke sekulære trendar frå ungKan2 til ungKan3 på eit landsrepresentativt utval av 6-, 9- og 15 åringar i Noreg. Oppgåva vil studere sekulære endringar knytt til aktivitetsnivå, intensitetsspesifikk fysisk aktivitet samt tilfredsstilling av nasjonale anbefalingar. Metode: For å undersøke sekulære trendar mellom ungKan2 og ungKan3 blei akselerometerdata (ActiGraph GT3X+ BT (ActiGraph, LLC, Pensacola, Florida, USA) frå begge kartleggingane nytta i den føreliggande oppgåva. Utvalet besto av eit landsrepresentativt utval av 6-, 9- og 15 år gamle born og unge, der 3319 frå ungKan2 samt 3049 deltakara frå ungKan3 tilfredsstilte inklusjonskriteria om 2 valide dagar med gyldige akselerometermålingar, og som dermed blei inkludert i analyse knytt til fysisk aktivitet og sedat tid. Data innhenta av spørjeskjema blei nytta for å undersøke sekulære endringar i TV-sjåing mellom 2011 og 2018. Resultat: Det blei observert ein signifikant nedgang i det totale aktivitetsnivået til 6 åringar samt 9 år gamle gutar i 2018 samanlikna med jamn gamle i 2011 (p<0.001). Vidare tilbrakte 9 år gamle gutar i 2018 i gjennomsnittleg 13 minutt mindre tid dagleg i lett fysisk aktivitet samt 11 minutt mindre tid i aktivitet av moderat-til-hard intensitet. I likheit med 9 år gamle gutar hadde 15 år gamle gutar i 2018 ein signifikant nedgang i gjennomsnittleg tid brukt i lett fysisk aktivitet, samanlikna med 2011 (p<0.05). Resultata viste og at 6-, 9- og 15 år gamle gutar i 2018 hadde auka den gjennomsnittlege tida i sedate aktivitetar, høvesvis 6-, 18- og 7 minutt dagleg, samanlikna med 2011. Andelen som tilfredsstilte dei nasjonale anbefalingane for fysisk aktivitet var relativt uforandra i 2018, med unntak av 9 år gamle gutar som hadde 30% lågare odds for å oppfylle anbefalingane i 2018 kontra 2011. Konklusjon: Funn i den føreliggande oppgåva viste at 6- og 9 år gamle gutar i 2018 hadde ein nedgang i sitt totale aktivitetsnivå, samstundes som 9 år gamle gutar hadde ein observert reduksjon i lett- og moderat-til-hard fysisk aktivitet. I tillegg til at 15 år gamle gutar hadde ein nedgang i lett intensitet, auka den sedate tida blant gutar i alle aldersgrupper i 2018. Dette er i motsetnad til jentene som hadde relativt like resultat i 2018 kontra 2011, med unntak av 6 år gamle jenter som hadde ein observert nedgang i aktivitetsnivå. Den negative trenden som observerast blant 9 år gamle gutar understrekar viktigheten av å styrke arbeidet med nasjonale tiltak for å auke FA-nivået til born og unge generelt, og unge gutar spesielt.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectNIHnb_NO
dc.subjectmasteroppgavernb_NO
dc.titleSekulære trendar i fysisk aktivitet og sedat tid mellom 2011 og 2018, blant eit landsrepresentativt utval av norske 6-, 9- og 15-åringar: Sekulære endringar i objektivt målt aktivitetsnivå, intensitetsspesifikk fysisk aktivitet og sedat tid blant born og ungdom i Noregnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.description.localcodeSeksjon for idrettsmedisinske fag / Department of Sports Medicinenb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel