Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKleppe, Sara
dc.date.accessioned2019-07-31T09:32:25Z
dc.date.available2019-07-31T09:32:25Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2606825
dc.descriptionMasteroppgave - Norges idrettshøgskole, 2019nb_NO
dc.description.abstractBakgrunn: For å kunne gjere nøyaktige vurderingar av born og unges fysiske aktivitetsnivå, treng vi populasjonsbaserte studiar der fysisk aktivitet målast ved hjelp av objektive, reliable og valide målemetodar. Sjølv om hjarte- og karsjukdommar ikkje er ein risiko ved ung alder, har ei rekke studiar vist at symptom og utvikling kan starte allereie tidleg i barndommen. Dette har ført til ei større merksemd rundt viktigheita av eit tilstrekkeleg FA-nivå, og det er no blitt ei global prioritering å auke fysisk aktivitet blant born og unge. Hensikt: Formålet med den føreliggande studien er å kartlegge fysisk aktivitet og sedat tid blant 6-, 9 og 15- åringar frå eit nasjonalt representativt utval av skular i Noreg. I tillegg vil oppgåva utforske variasjonar i aktivitet på veke- og helgedagar, på skule og fritid, samt undersøke time for time data for å tilføre ny kunnskap om delar av dagen som er mottakelege for intervensjonar. Deltakarar og metode: Denne masteroppgåva er ein tverrsnittsstudie som tar for seg utval av barn og unge i alderen 6-, 9- og 15- år. All data vart samla inn i ein nasjonal kartleggingsundersøking av fysisk aktivitet og fysisk form, kalla ”ungKan3”, gjennomført i 2017/2018. Fysisk aktivitet vart målt objektivt med akselerometer. Resultat: 1.) Gutar har gjennomgåande høgare aktivitetsnivå samanlikna med jenter i alle aldersgrupper, og det er ei signifikant aldersrelatert nedgang i fysisk aktivitet (p<0.001). 2.) Deltakarane av begge kjønn og frå alle dei tre aldersgruppene var signifikant meir aktive på veke- enn på helgedagar. 3.) Både 6- og 9-åringane var meir sedate i helga enn på vekedagar. Blant 15-årige gutar og jenter er det imidlertid ingen forskjell i sedat tid på vekedagar samanlikna med helgedagar. 4.) Gjennomgåande var både gutar og jenter i dei tre aldersgruppene signifikant meir aktive på fritida enn på skulen (p<0.001). Konklusjon: Funna i denne oppgåva bidrar med ny kunnskap som kan nyttas for å vurdere kor, når og for kven ulike intervensjonar bør fokusere innsatsen sin. Sjølv om skulen er den arenaen kor vi har mogelegheit til å nå flest med ulike tiltak, indikerer funna i denne oppgåva at vi som samfunn kan ha mykje å hente på å stimulere til auka fysisk aktivitet på fritida og i helgane. I tillegg indikerer resultata at det ligg eit betydeleg potensiale for å auke det samle FA-nivået til barn og unge ved å utjamne kjønns- og aldersforskjellane i fysisk aktivitet ila skuledagane, særskilt ved å stimulere til auka fysisk aktivitet hjå ungdomar og jenter.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectNIHnb_NO
dc.subjectmasteroppgavernb_NO
dc.titleFysisk aktivitet og sedat tid blant 6-, 9- og 15-åringar frå eit nasjonalt representativt utval av skular i Noreg: Variasjon innan veke- og helgedagar, forskjellar mellom skule og fritid, kjønn og aldersgruppernb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.description.localcodeSeksjon for idrettsmedisinske fag / Department of Sports Medicinenb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel