Hun/Han/Hen: Eit kvalitativt studie om kjønn i kroppsøvingsfaget
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2607068Utgivelsesdato
2019Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
I dette prosjektet blei det undersøkt eit todelt forskingsspørsmål: «Korleis oppfattar ei gruppe elevar kjønn? Kva tyding kan elevane sine oppfatningar ha for fagutviklinga i kroppsøvingsfaget?». Vitskapsteoretisk er prosjektet plassert innanfor eit fortolkande paradigme, og prosjektet er teoretisk forankra i kjønnsteorien til Simone de Beauvoir (2000).
Det blei nytta ei kvalitativ tilnærming i prosjektet, med ein kombinasjon av workshop og gruppeintervju. Workshopen bestod av fire faser: 1) tankekart, 2) diskusjon av bileter, 3) påstandsleik og 4) refleksjon. Workshopen blei brukt som eit pilotprosjekt for å bestemme utvalet og skreddarsy ein intervjuguide. Gruppeintervjua blei gjennomført over tre gongar, med 5-6 elevar per intervju. Valet av metode, skuldast eit ynskje om ei djupare forståing av kjønn.
Forskingsprosjektet viser at kjønn er eit komplekst fenomen. I læreplanverket står det ikkje eksplisitt om jenter og gutar, individet vert heller omtalt som eleven eller menneske. Dette gjev stort tolkingsrom for kroppsøvingslærarane i form av ordlegging, organisering og tilpassa opplæring. Hovudfunnet i forskingsprosjektet viser at elevane beveger seg mellom ulike forståingar av kjønn, og at dei kontinuerleg forhandlar om posisjonane til kjønna. Denne forståinga viser til kjønn som eit dynamisk fenomen.
Fleire aspekt ved kroppsøvingsfaget tar utgangspunkt i at kjønn er noko statisk, som for eksempel garderobesituasjonen og kjønnsdeling. Denne forståinga er ikkje i tråd med elevane si forståing, og går også i mot fellesskulen sine sentrale verdiar som likeverd, inkludering og tilpassa opplæring. Dette prosjektet konkluderer med at ein som lærar bør ein ha kjennskap til ulike kjønnsperspektiv, som kan bidra til å inkludere, tilrettelegge og velje «riktigare» måtar å ordlegge seg på.
Beskrivelse
Masteroppgave - Norges idrettshøgskole, 2019