Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorErikstein, Knut Halvor
dc.date.accessioned2020-07-03T08:40:03Z
dc.date.available2020-07-03T08:40:03Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2660653
dc.descriptionMasteroppgave - Norges idrettshøgskole, 2020en_US
dc.description.abstractStudiet har tatt føre seg problemstillinga: «Korleis opplever og erfarer elevar i 3. klasse, med programfaget toppidrett langrenn og/eller skiskyting, dei private vidaregåande skulane i forhold til dei offentlege?» I studiet vert kvalitativ metode nytta for undersøkje problemstillinga. Seks semistrukturera intervju og eitt gruppeintervju har danna grunnlag for datamaterialet. Åtte elevar fordelt på fire ulike skular, høvesvis to offentlege og to private, skapar utvalet i studiet. Eit sosiokulturelt perspektiv, supplera med sjølvbestemmingsteorien har danna grunnlag for det teoretiske rammeverket. Gjennom analytisk arbeid med intervjua, kjem det fram at motivasjonen bak skulevalet i stor grad omhandla ynskje om å kombinere skulegang og idrett. Deretter blir det sett ljos på viktigheita av eit miljø og tilhøyrsel i eit fellesskap, der ynskje om å utvikle seg sportsleg står høgt. For enkelte elevar var tryggleik i vener og skulens plassering trekt fram som avgjerande for val av skule. Læringsmiljøet vert opplevd tilsynelatande som godt på alle skulane. Dialogen mellom elev og trenar blir særleg belyst som verdifull og vellukka. Enkelte funn tyder på at elevane på dei private skulane opplev noko tettare band med lærarane, enn kva elevane på dei offentlege skulane gjer. Relasjonane elevane seg imellom vert opplevd trygt, der eit inkluderande klassemiljø blir trekt fram som ein viktig faktor. Kombinasjonen skulegang og idrett vert opplevd og erfart hensiktsmessig tilrettelagt på alle skulane. Samstundes kan det tyde på at elevane på dei private skulane opplever og erfarer denne kombinasjonen mindre krevjande. Dette handlar om korleis lærarane i større grad tilpassar skulearbeid etter kva som passar best i samsvar med idretten. Elevane opplever og erfarer målstrukturen til skulen som læringsorientert, der innsats og eige utvikling blir fremja av trenarane. Elevane sjølve viser til noko sosial samanlikning seg imellom. Trenarar og lærar rettleier og støtter elevane på ein måte som gjev føresetnad for utvikling. Fleire av elevane tileigna trenarane komplekse roller, der samtalepartnar, treningsrettleiar og generell støtte blir trekt fram. På dei offentlege skulane peika elevane på viktigheita av å ha eit solid samarbeid mellom skule og klubb/team. På dei private skulane viste elevane til liten eller ingen kontakt mellom skule og klubb/team.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.subjectnihen_US
dc.subjectmasteroppgaveren_US
dc.subjectvideregående skole
dc.subjectskoler
dc.subjectelever
dc.subjecttoppidrett
dc.subjectlangrenn
dc.subjectskiskyting
dc.subjectlæringsarena
dc.subjectsosiale forhold
dc.subjectsosiologi
dc.subjectselvstyre
dc.subjectoffentlig virksomhet
dc.title«Bør eg velje offentleg eller privat skigymnas?»: Ein kvalitativ undersøking av korleis elevar i 3. klasse, med programfaget toppidrett langrenn og/eller skiskyting, opplever og erfarer dei private vidaregåande skulane i forhold til dei offentlegeen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeInstitutt for lærerutdanning og friluftslivsstudier / Department of Teacher Education and Outdoor Studiesen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel