Elevar på mellomtrinnet si oppleving av kroppsøvingsfaget: Ein kvalitativ studie av elevar si oppleving av kroppsøvingsfaget og kva rolle deira meistringstru spelar i faglege og sosiale situasjonar
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2660752Utgivelsesdato
2020Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Dette er ei masteroppgåve som er skriven på institutt for lærarutdanning og friluftslivsstudier, ved Norges idrettshøgskule. Målet med studien er å undersøke elevar på mellomtrinnet sine opplevingar av kroppsøvingsfaget, og kva rolle deira meistringsforventningar spelar i sosiale og faglege situasjonar. Bandura sin sosial-kognitive teori om meistringsforventning (self-efficacy) har danna det teoretiske kunnskapsgrunnlaget for oppgåva saman med tema som læringsmiljø, skjuleteknikkar og relasjonar til både lærar og medelevar. Metoden eg har valt har ei kvalitativ tilnærming. Eg har gjennomført 12 semistrukturerte intervju der utvalet består av elevar på 5.-7.trinn frå tre ulike skular. Intervjua er datagrunnlaget for den temasentrerte analysen som er gjort ved hjelp av databehandlingsprogrammet MaxQda. I analysen har eg nytta hermeneutisk fortolking for å oppnå forståing av innhaldet i det elevane fortel.
Resultata viser at kroppsøving er eit fag som har stor betyding for mange av elevane. Det kjem fram at elevane sitt generelle forhold til faget er godt. Slik dei omtalar faget, kan det virke som at mange av dei har opplevingar som byggjer opp under formålet om livslang rørsleglede (Utdanningsdirektoratet, 2015a). I tillegg fortel nokre elevar om situasjonar i faget som har bidrege til usikkerheit. For enkelte av dei, har dette ført til bruk av såkalla skjuleteknikkar. Mange opplever likevel eit miljø der det er rom for å prøve og feile. Samtidig kjem det fram at jamleg testing er ein del av undervisninga for nokre elevar. Resultata viser også at meistringsopplevingar i seg sjølv har stor verdi for elevane, då dei uttrykkjer at dette fremjar positive kjensler i faget. I tillegg gjev meistringsopplevingar også tru på at dei kan klare nye læringsoppgåver. Trua på å meistre varierer hjå elevane. Det har mellom anna rot i deira oppfatning om seg sjølv i kroppsøvingsfaget. Nokre tek til på nye læringsoppgåver med stor frimod, medan andre uttrykkjer ei bekymring knytt til det å dumme seg ut framfor medelevar. Gode relasjonar til klassekameratar og lærar er noko elevane verdset. Sosial støtte frå både kroppsøvingslærar og medelevar kjem fram som sentrale kjelder til meistringstru.
Beskrivelse
Masteroppgave - Norges idrettshøgskole, 2020