Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBåtevik, Guro Mattland
dc.date.accessioned2021-08-05T07:04:56Z
dc.date.available2021-08-05T07:04:56Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2766328
dc.descriptionMasteroppgave - Norges idrettshøgskole, 2021en_US
dc.description.abstractPå same måte som tradisjonell idrett har livsstilsidrettar vist seg å vere prega av manneleg dominans. I dag er likestilling, også i idretten eit viktig satsingsområde. Samtidig viser forsking at sjølv dei relativt nye livsstilsidrettane er prega av maskulin dominans og maskuline verdiar. Oppgåva tek for seg kvinner som er aktive i den mannsdominerte livsstilsidretten speedgliding. Ynske var å bruke kvinnene sine historier til å løfte tydinga av kjønn i livsstilsidrettar, men også i samfunnet generelt. Studien søkjer svar på korleis kvinner erfarer å vere i mindretal i det som betraktast som ein moderne aktivitetskontekst, korleis samfunnet rundt og speedglidermiljøet reagerer på deira deltaking og kva bakgrunn kvinnene som går inn i eit slikt miljø har. Oppgåva handlar om Simone de Beauvoir sitt perspektiv på kvinner som det andre kjønn, og hennar fridomsomgrep. Det er såleis også ein studie av kjønn og frigjering, ikkje berre ein studie av eit bestemt miljø. Det empiriske grunnlaget for oppgåva er kvalitative semistrukturerte forskingsintervju som tek for seg erfaringane til åtte kvinnelege informantar. Prosjektet tek for seg noko av det kunnskapsgrunnlaget som er etablert om kjønn i livsstilsidrettane. Prosjektet har nytta Simone de Beauvoir som teoretisk rammeverk, sett i samanheng med hennar eksistensfilosofiske perspektiv på kjønn og fridom. Analysane viser at kvinnene opplever vegen inn i idretten som open for begge kjønn. Samtidig fortel funna at kjønn spelar inn og har konsekvensar for kvinnene si deltaking i miljøet. Studien er eit eksempel på at kvinner kan operere i mannsdominerte miljø, men dei vil framleis måtte forvente å møte kjønna motstand. Studien konkluderer med at speedglidermiljøet, men også samfunnet elles framleis har ein veg å gå før ein kan seie at vi har lukkast med likestilling. Speedgliderkvinnene kjempar ikkje ein aktiv kamp for å få delta i miljøet på like vilkår som menn, slik vi har sett, og også framleis kan sjå at kvinner gjer på andre idrettsarenaer. Dei er kvinner som går fram som eksempel for andre kvinner ved å delta i idretten, og viser for andre kvinner at det er mogleg. Samtidig ser det ut til at dei tilpassar seg dei rammene for kjønn som allereie har blitt etablerte i miljøet.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.subjectNIHen_US
dc.subjectmasteroppgaveren_US
dc.subjectkvinner
dc.subjectkjønn
dc.subjectluftsport
dc.subjectekstremsport
dc.subjectlivsstil
dc.subjectlikestilling
dc.subjectfrihet
dc.titleFri som fuglen?: Ein kvalitativt studie av kvinnelege speedgliderar i ein mannsdominert livsstilsidretten_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeInstitutt for lærerutdanning og friluftslivsstudier / Department of Teacher Education and Outdoor Studiesen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel