Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSæther Heimland, Janita
dc.date.accessioned2021-08-23T02:02:23Z
dc.date.available2021-08-23T02:02:23Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2770631
dc.descriptionMasteroppgave - Norges idrettshøgskole, 2021en_US
dc.description.abstractBakgrunn: Fotball er den idretten flest jenter i Noreg driv med og nivået i kvinnefotball er aukande. Det er ein av lagidrettane med flest skader og hamstringsstrekk er blant dei vanlegaste. Treningsprogram med Nordic hamstring har vist å redusere førekomsten av hamstringsstrekk og auke eksentrisk knefleksjonsstyrke blant menn. Likevel er etterfylginga til øvinga låg. Mesteparten av forskinga på feltet er blant menn eller amatørar, forsking blant kvinner på toppnivå er difor naudsynt. Føremål: Målet med studien er å samanlikne auke i eksentrisk knefleksjonsstyrke etter 8 veker med høg eller låg dosering av Nordic hamstring blant kvinnelege fotballspelarar på høgt nivå og sjå på graden av etterfølging av intervensjonen i gruppene. Metode: Dette er ei randomisert kontrollert studie blant 45 kvinnelege fotballspelarar i 1. divisjon. Dei gjennomførte 8 veker med høg eller låg dosering av Nordic hamstring. I pre- og post-testane var det målt eksentrisk knefleksjonsstyrke (Vald performance NordBord verson 1.0, NBE0696, Australia), eksentrisk isokinetisk og isometrisk dreiemoment (HUMAC NORM, modell 502140, serienummer 3606, USA). Etter kvar trening registrerte spelarane DOMS (SurwayXact, Ramboll, versjon 12,9). Resultata vart ført og analysert i Exel (Excel Office 2019), SPSS (IMB SPSS Statistics inc, USA, verson 24) og SigmaPlot (Systat Software inc. USA, SigmaPlot verson 14.0) Resultat: Totalt 31 (høg 16, låg 15) deltakarar fullførte per -protokoll. Begge gruppene hadde signifikant (p<0,05) auke i eksentrisk knefleksjonsstyrke. Det var ingen skilnad i auken mellom gruppene (utan ekstra vekt p=0,23, 5 kg p=0,40 og 10 kg p=0,53). Begge gruppene rapporterte låg grad av DOMS gjennom heile perioden. Gjennomsnittleg etterfylging var 85%, skilnaden mellom gruppene var ikkje signifikant (p=0,09). Konklusjon: Det var ingen skilnad i auken i eksentrisk knefleksjonsstyrken etter å ha trena 8 veker med høg eller låg dosering av Nordic hamstring. Etterfylging til intervensjonen var høg og det var ingen skilnad mellom etterfylging mellom gruppene.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.subjectnihen_US
dc.subjectmasteroppgaveren_US
dc.subjectfotball
dc.subjectkvinner
dc.subjecttrening
dc.subjectprogrammer
dc.subjecthamstring
dc.subjectskader
dc.subjectforebygging
dc.subjecttester
dc.titleEffekten av høg og låg dosering av Nordic hamstrings trening på eksentrisk knefleksjonsstyrke - ei randomisert kontrollert studieen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeInstitutt for idrettsmedisinske fag / Department of Sports Medicineen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel