Beinmineraltettleik og LEAF-Q-score hos kvinnelege mellom- og langdistanseløparar samanlikna med kvinnelege kontrollar: Ein kontrollert tverrsnittsstudie
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2770653Utgivelsesdato
2021Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn: Trening i form av vektberande aktivitetar har vist å ha ein positiv påverknad på skjelettet vårt. Likevel har fleire studiar observert at mellom- og langdistanseløparar er i fare for å få låg beinmineraltettleik (BMT). I tillegg har låg vekt, lågt energiinntak og menstruasjonsforstyrringar vist å kunne påverke til lågare BMT.
Føremål: Føremålet med oppgåva er å undersøkje om det er ein skilnad i BMT og LEAF-Qscore mellom kvinnelege mellom- og langdistanseløparar og kvinnelege ikkje-aktive kontrollar, samt sjå om det er ein samanheng mellom LEAF-Q-score og BMT.
Metode: Denne kontrollerte tverrsnittstudien inkluderar 15 kvinnelege mellom- og langdistanseløparar og 15 kvinnelege ikkje-aktive kontrollar, i alderen 18-35 år. Lunar iDXA blei nytta for måling av BMT i dual proximal femur (D.P. femur), lumbar spine (L-spine) og total BMT. I tillegg blei spørjeundersøkinga «Low Energy Availability in Females Questionnaire» (LEAF-Q), som inneheld spørsmål omkring treningstimar, skadar, magefunksjon, nytting av prevensjonsmiddel og menstruasjon, nytta.
Resultat: Det var ingen signifikante skilnader mellom løparar og kontrollar i total BMT (p=0,084), BMT i D.P. femur (p=0,096) og BMT i L-sine (p=0,234). Den lineære regresjonsanalysa viste ingen signifikante samanhenger mellom LEAF-Q-score og total BMT (p=0,204), BMT i D.P. femur (p=0,855) og BMT i L-spine (p=0,770). Det vart observert ein signifikant samanheng mellom BMT i D.P. femur og LEAF-Q-score (p=0,033) hos løparar, ved at høgre LEAF-Q-score er assosiert med høgre BMT i D.P. femur. Tre av mellom- og langdistanseløparane hadde ein Z-score i L-spine ≤ -1, som i følgje ACSM sine kriterier klassifiserast som låg BMT.
Konklusjon: Det vart ikkje observert signifikante skilnader i BMT mellom kontrollane og mellom- og langdistanseløparane. Det vart derimot observert ein signifikant skilnad i LEAFQ-score. LEAF-Q er imidlertid utarbeidd for aktive idrettsutøvarar, noko som kan vere årsak til skilnaden som er observert. Vidare kan det sjå ut til at det ikkje er noko samanheng mellom LEAF-Q-score og BMT hos deltakarane i studien. For å finne ein eventuell skilnad i BMT mellom kontrollar og mellom- og langdistanseløparar, trengs det meir forsking på området.
Beskrivelse
Masteroppgave - Norges idrettshøgskole, 2021