Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorVattøy, Guro Kalvø
dc.date.accessioned2022-07-19T09:13:40Z
dc.date.available2022-07-19T09:13:40Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3006531
dc.descriptionMasteroppgave - Norges idrettshøgskole, 2022en_US
dc.description.abstractMålet med denne studien er å sjå nærmare på ungdom sin kjennskap og haldningar til kosthald og kropp, og sosiale medium og skulen sin posisjon i utviklinga av denne kjennskapen og haldningane. Val av tema har sin bakgrunn i auka merksemd kosthald, kropp og livsstilssjukdommar har fått dei siste åra, saman med konsekvensane desse tema kan ha for enkeltindivid og for samfunnet totalt sett. Valet falt dermed på å sjå nærmare på ungdom sin kjennskap og haldningar til kosthald og kropp, kvar informasjonen dei har kjem i frå og kven ungdom stolar på når det kjem til kosthaldsinformasjon. Det teoretiske grunnlaget og utgangspunktet for oppgåva er basert på ernæringsteorien, health og nutrition literacy, saman med ei samfunnsretta tilnærming der skulen og sosiale medium sin posisjon blir lagt fram. Datamaterialet vart henta inn gjennom eit digitalt spørjeskjema. Målgruppa er elevar som går tredjeklasse på vidaregåande, og begge kjønn er inkludert. 86 elevar deltok i undersøkinga og deltakarane kjem frå tre ulike byar/stadar på Vestlandet og Østlandet. Studiespesialisering og idrettslinje er studieretningane som er representert i studien. Det vart og gjort ei dokumentanalyse av spørsmål kring kosthald frå føresette av barn og unge, som ein har fått tilgang til via organisasjonen Sunn idrett. Oppgåva er dermed ei blanding av ein kvantitativ, og ein kvalitativ metode. Funna i studien viser at ungdom i stor grad er interessert i kosthald. Når det kjem til kosthaldsinformasjon, formidling, tillit og påverknad er sosiale medium den klart mest nytta plattforma på alle desse punkta. Ungdommane er totalt sett fornøgd med eigen utsjånad, samtidig som dei rapportera om eit press til korleis ein skal sjå ut. Tankar om eigen kropp, og presset til korleis ein skal sjå ut kjem i størst grad frå sosiale medium. Det blir funne signifikante forskjellar mellom kjønn når det kjem til kunnskap om kosthald, forhold til mat, sosiale medium sin påverknad av kosthalsinformasjon, kroppspress og kor fornøgd ein er med eigen utsjånad. Resultata frå studien viser og at skulen sitt potensial kan bli utnytta betre. I mat og helse rapportera elevane om manglande læring og kunnskap kring kosthald, og evna til å utvikle god kjeldekritikk. Det kjem og fram at mykje av tankane, handlingane og bekymringane føresette til barn og unge sit med, og er tankar og haldningar som barn og unge har.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.subjectnihen_US
dc.subjectmasteroppgaveren_US
dc.subjectungdom
dc.subjectkroppen
dc.subjectkroppsbevissthet
dc.subjectmat
dc.subjectkosthold
dc.subjectkunnskap
dc.subjectholdninger
dc.subjectsosiale medier
dc.titleUngdom sin kjennskap og haldningar til kosthald og kropp: Skulen og sosiale medium si rolle og posisjon i utvikling av kjennskap og haldningar til kosthald og kroppen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.versionpublishedVersionen_US
dc.description.localcodeInstitutt for lærerutdanning og friluftslivsstudier / Department of Teacher Education and Outdoor Studiesen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel