Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBøtun, Sigbjørn
dc.date.accessioned2022-09-12T10:45:28Z
dc.date.available2022-09-12T10:45:28Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3017212
dc.descriptionMasteroppgave - Norges idrettshøgskole, 2022en_US
dc.description.abstractHensikt med denne oppgåva har vore å forstå korleis elevar opplev si eiga kompetanse i kroppsøvingsfaget etter ein formell utviklingssamtale om deira faglege prestasjon og utvikling. Bakgrunnen for oppgåva er ein manglande forsking på utviklingssamtalar i kroppsøvingsfaget, og oppgåva dekka såleis eit kunnskapshol om korleis Vurdering for Læring (VfL) kan implementerast i kroppsøving. I oppgåva har eg sett lys på forsking på læreplanen i kroppsøving, forsking på VfL, og kompetanse i lys av Achievement Goal Theory. Med utgangspunkt i denne forskinga vart fyljande problemstilling utvikla: Korleis opplev elevane sin kompetanse i kroppsøving etter ein formell utviklingssamtale?. Datagrunnlaget for studien kjem frå observasjon av seks utviklingssamtalar på 1. klasse VGS, samt semistrukturelle intervju med same seks elevane som blei observert i utviklingssamtalen. Datagrunnlaget er analysert og presentert i form av ei narrativ analyse. Analysen viser at elevane ofte opplev eigen kompetanse relativt til medelevar, men det er likevel ikkje konsekvent. Utfordringa er midlertidig at elevane verkar å ha ei oppfatning av kva kompetanse er, men at denne oppfatninga er denne oppfatninga er tydeleg innhaldsprega og knytt til å meistra fysiske og/eller tekniske ferdigheiter i idrettsliknande aktivitetar. Utforsking, øving eller prøving verka å ver verdsett, men i mange situasjonar berre for å bidra til utvikling av ferdigheiter. Analyse frå observasjonen viser at elevane tok i mot ein overvekt av attende-meldingar i form av stikkord, utan utdjuping av kva type kompetanse som læraren var ute etter. T.d. «du viste god kompetanse i volleyball». Dette overlèt fortolkinga av kva som var bra, og kvifor til elevane. I samtale med elevane viste det seg at dei fleste elevane tolka då attendemeldingane på kompetanse på det dei som deira relative ferdigheiter i innhaldet på aktiviteten, og ikkje på evna til å øve, prøve, utfordre seg sjølv eller utforske. Elevane opplev at utviklingssamtalen i stor grad bidreg til å støtte opp under prinsippa for VfL, og dei fleste opplev samtalane som motiverande, meiningsfulle og informative. Elevane har i likevel svært ulike skildringar av kva som er kompetanse kva som gir grunnlag for vurdering i faget. Den positive vurdering av utviklingssamtalen som kjem fram i oppgåva må betraktas som eit stort atterhold fordi utviklingssamtalen i verste tilfelle kan være gjennomført på sviktande premissar.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.subjectnihen_US
dc.subjectmasteroppgaveren_US
dc.subjectkroppsøving
dc.subjectelever
dc.subjectvideregående skole
dc.subjectvurdering
dc.subjectkompetanse
dc.titleAlt det eg kan i kroppsøving: Ein kvalitativ studie om korleis elevar opplev sin kompetanse etter utviklingssamtalen med kroppsøvingslærarenen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeInstitutt for lærerutdanning og friluftslivsstudier / Institute for Teacher Education and Outdoor Studiesen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel