Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSchøyen, Anna Høgi
dc.date.accessioned2023-09-18T12:42:40Z
dc.date.available2023-09-18T12:42:40Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3090136
dc.descriptionMasteroppgave - Norges idrettshøgskole, 2023en_US
dc.description.abstractDette er ei masteroppgåve i idrettsvitskap som er utarbeida ved institutt for idrett og samfunnsvitskap ved Norges Idrettshøgskule. Fleire studiar viser at idretten er ein mannsdominert arena, kor trenarfeltet er særskilt prega (Acosta & Carpenter, 2012; Fasting & Sand, 2009; Norman, 2016). Forsking viser at kvinnelege trenarar opplever fleire barrierar enn menn på individuelt, mellommenneskeleg, strukturelt og sosiokulturelt nivå (LaVoi & Dutove, 2012). Eg har valt å rette dette masterprosjektet spesifikt mot alpintrenarar og tek sikte på belyse kva betydning kjønn har for alpintrenarane sine opplevingar av eigen praksis, samt korleis trenarane opplever å vere trenar i feltet og å trene jenter og gutar. For å undersøkje problemstillinga vart ein kvalitativ forskingsmetode lagt til grunn, kor seks semi-strukturerte intervju var nytta til datainnsamling. Prosjektet byggjer på opplevingar og erfaringar tre kvinnelege og tre mannlege alpintrenarar har gjort seg som hovudtrenarar for jenter og gutar i aldersgruppene U14 eller U16 i Oslo skikrins. For å skape eit godt grunnlag for å forstå funna i oppgåva skildrast alpint som den kontekstuelle ramma, samt tidlegare forsking og den teoretiske ramma for oppgåva. Funna i oppgåva diskuterast med referanse til tidlegare forsking på feltet og Pierre Bourdieu sine analytiske omgrep om kapital, sosialt rom, sosialt felt, habitus, doxa og kjønnsteorien, maskulin dominans. Funna peikar på at alpintfeltet ber preg av maskulin dominans. Uavhengig av kjønn skildrar alpintrenarane tydlege likskapar i sin praksis, noko som betyr at kjønn ikkje har betydning for korleis trenarane utøver trenarrolla. Det er likevel store variasjonar i kvinnelege og mannlege alpintrenarar sine opplevingar av å vere trenar og å trene jenter og gutar i feltet. I samhøve med kjønn skildrar alpintrenarane opplevingar der det kjem fram tydlege kjønnsforskjellar i trenaren si sjølvtillit, moglegheiter og tillit, respekt, sosialt nettverk, trivsel og deira eige syn på betydninga av kjønn. Det er òg synlege kjønnsforskjellar i alpintrenarane sine skildringar av å trene jenter og gutar, men desse kjønnsforskjellane må sjåast i samanheng med utøvaren sitt kjønn. Sosialt konstruerte førestillingar i samsvar med den maskuline dominans både produserer og reproduserast i dominanserelasjonane i feltet. På bakgrunn av funna i oppgåva kan kjønn vise seg å ha betydning for alpintrenarar sine opplevingar i feltet.en_US
dc.language.isonoben_US
dc.subjectnihen_US
dc.subjectmasteroppgaveren_US
dc.subjectskiidrett
dc.subjectalpine grener
dc.subjecttrenere
dc.subjectkjønn
dc.subjectroller
dc.subjectverdier
dc.subjectpraksis
dc.subjecterfaringer
dc.titleAlpintrenarar og kjønn i trenarverksemda: Ei kvalitativ undersøking av kjønn si betydning for alpintrenarar sine opplevingar og erfaringar i felteten_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeInstitutt for idrett og samfunnsvitenskap / Department of Sport and Social Sciencesen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel