Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorFlatin, Fride Møller
dc.date.accessioned2024-01-22T08:45:09Z
dc.date.available2024-01-22T08:45:09Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3112957
dc.descriptionMasteroppgave - Norges idrettshøgskole, 2023
dc.description.abstractBakgrunn: Både blodvolumet, hemoglobinmassen (Hb-massen), kroppssamansetninga og det maksimale oksygenopptaket (VO2maks) er viktige faktorar for fysisk prestasjonsevne i uthaldsidrettar. Kondisjonsutøvarar har vanlegvis høgare VO2maks, blodvolum, Hb-masse og lågare feittprosent enn ikkje-kondisjonstrena. Ifølgje tidlegare studiar er det ein god samanheng mellom blodvolum, feittfri masse og VO2maks hjå både kvinner og menn i ulike alder. Det er også slik at feittfri masse er ein viktig bestemmande faktor for både VO2maks og blodvolum,uavhengig om ein er kondisjonstrena eller ikkje. Trening påverkar både VO2maks og Hb-masse, og forskjellar mellom trena og utrena skuldast i, alle fall delvis, trening. Men sidan trena også har lågare feittprosent vil ein del av forskjellen i desse variablane relativt til kroppsvekt skuldast kroppssamansetninga. Kor stor betydning trening har og kor stor betydning kroppssamansetninga har, er usikkert. Hensikta med denne studien var derfor å undersøke kva betydning kroppssamansetning og trening har på blodvolumet, Hb-massen og det maksimale oksygenopptaket. Ettersom dette er ein tverrsnittstudie, vil ikkje vi kunne skilje om eventuelle forskjellar skuldast trening eller arv. Metode: Studien bestod av 14 kondisjonstrena kvinner og 28 kondisjonstrena menn, samt 12 ikkje-kondisjonstrena kvinner og 22 ikkje-kondisjonstrena menn i alderen 18-40 år. Rekruttering av dei kondisjonstrena var gjennom klubbar og utøvarar i andre prosjekt på avdelinga. Dei ikkje-kondisjonstrena var rekruttert gjennom fysiske oppslag og sosiale media blant tilsette og studentar ved Norges idrettshøgskole og kjenningar. Feittfri masse ble målt ved hjelp av DXA-analyse (Dual X-ray Absorptiometry). Blodvolum og Hb-masse ble målt ved hjelp av karbonmonoksid-gjenpustings-metoden og venøs blodprøve, medan testing av VO2maks føregjekk ved springing på tredemølle. Resultat: Det var ingen forskjellar i høgde og vekt mellom kondisjonstrena og utrena kvinner. Kondisjonstrena menn var i gjennomsnitt 5,4 kg lettare enn dei utrena, og det var ingen forskjell i høgde. Feittprosenten til kondisjonstrena kvinner var 71,2% av verdiane til utrena kvinner (p<0,001), medan kondisjonstrena menn sin feittprosent var 66,8% av verdien til utrena menn (p<0,001). VO2maks relativt til KM var høvesvis 42% og 39% høgare hjå kondisjonstrena kvinner og menn samanlikna med dei ikkje-kondisjonstrena (p<0,001). For Hb-massen var forskjellane høvesvis 17% og 15,6% og for blodvolum 18,4% og 16,3% relativt til KM. For Hb-masse relativt til feittfri masse var forskjellen mellom gruppene ikkje signifikant (p=0,067). Diskusjon: Våre funn viser at forskjellane mellom gruppene er vesentleg høgare når variablane er justert for kroppsmasse samanlikna med feittfri masse. Mellom dei kondisjonstrena og utrena, utgjorde kroppssamansetninga rundt halvparten eller meir av forskjellane i VO2maks, blodvolum og Hb-masse. Årsaka er høgare feittprosent hjå dei utrena gruppene. Resten av forskjellane er på grunn av trening og genetikk, som begge har ein effekt på VO2maks, blodvolum og Hb-masse. Kor stor betydning gena har og trening har er vanskeleg å skilje.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.subjectnihen_US
dc.subjectmasteroppgaveren_US
dc.subjectfysisk aktivitet
dc.subjecttrening
dc.subjectutholdenhetstrening
dc.subjectbmi
dc.subjectoksygenopptak
dc.titleBetydning av uthaldstrening og kroppssamansetning på maksimalt oksygenopptak og blodvolum: Samanlikning mellom ei gruppe kondisjonsutøvarar og ei gruppe ikkje kondisjonstrenaen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.versionpublishedVersionen_US
dc.description.localcodeInstitutt for fysisk prestasjonsevne / Department of Physical Performanceen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel