Determinantar for fysisk aktivitet blant vaksne og eldre i Noreg : ei tverrsnittsundersøking basert på objektivt registrert aktivitetsnivå
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/171486Utgivelsesdato
2010Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn: Det finst ikkje landrepresentative undersøkelsar av vaksnes aktivitetsnivå kor man
har brukt objektive målemetodar og undersøkt betydinga av determinantar for aktivitetsnivået.
Dei eksisterande studia på området visar at sosial støtte frå venner og familie og
meistringsforventning viser sterk korrelasjon med fysisk aktivitet og trening, samtidig veit me
mindre om den relative betydinga av determinantane i forhold til ulike aldersgrupper.
Hensikt: Hensikta var å undersøke kva betyding sosial støtte frå venner og familie og
meistringsforventning har med omsyn til å tilfredstille anbefalingane for fysisk aktivitet. I tillegg
vart det undersøkt om betydinga av sosial støtte frå venner og familie og meistringsforventning
med omsyn til å nå aktivitetsanbefalingane er ulik innan ulike aldersgrupper.
Metode: Tverrsnittsundersøkinga bestod av 3464 personar i alderen 20-85 år.
Deltakingsprosenten var 32 %. Fysisk aktivitet blei objektivt registrert ved bruk av ActiGraph
GT1M i 7 samanhengande dagar. Sosial støtte frå venner og familie og meistringsforventning
blei registrert i spørjeskjema. Resultat: Oddsen for å nå aktivitetsanbefalingane er forhøga hjå
dei som har høg meistringsforventning, vennestøtte og familiestøtte samanlikna med dei som har
låg meistringsforventning, vennestøtte og familiestøtte, henholdsvis 58 %, 14 % og 11 %. Alle
determinantane er signifikante med omsyn til å nå aktivitetsanbefalingane. Meistringsforventning
står fram som den sterkaste prediktoren med omsyn til å tilfredstille anbefalingane. Vennestøtte
er berre signifikant med omsyn til nå aktivitetsanbefalingane i aldersgruppa 35- 49 år. I denne
aldersgruppa er det 49 % forhøga sannynlegheit for å nå aktivitetsanbefalingane med høg
vennestøtte samanlikna med låg vennestøtte. Dei som befinner seg i aldersgruppene 20-34 år og
50-64 år har henholdsvis 28 % og 15 % forhøga sannsynlegheit for å nå aktivitetsanbefalingane
med høg vennestøtte samanlikna med låg vennestøtte, men forskjellen er ikkje signifikant.
Familiestøtte er ikkje signifikant med omsyn til å nå aktivitetsanbefalingane i nokon av
aldersgruppene dog nærsignifikant i den eldste aldersgruppa. I denne aldersgruppa er det 25 %
forhøga sansynlegheit for å nå aktivitetsanbefalingane med høg familiestøtte samanlikna med låg
familiestøtte. Konklusjon: Meistringsforventning er den determinanten som har størst betyding
med omsyn til å nå aktivitetsanbefalingane i alle aldersgrupper. Vennestøtte har størst betyding
med omsyn til å aktivitetsanbefalingane i aldersgruppa 35-49 år. Familiestøtte har største
betyding med omsyn til å nå aktivitetsanbefalingane i den eldste aldersgruppa.
Beskrivelse
Masteroppgave – Norges idrettshøgskole, 2010.