Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorFimreite, Silje
dc.date.accessioned2010-07-06T10:50:10Z
dc.date.available2010-07-06T10:50:10Z
dc.date.issued2010
dc.identifierSeksjon for idrettsmedisinske fag / Department of Sports Medicine
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/171486
dc.descriptionMasteroppgave – Norges idrettshøgskole, 2010.en_US
dc.description.abstractBakgrunn: Det finst ikkje landrepresentative undersøkelsar av vaksnes aktivitetsnivå kor man har brukt objektive målemetodar og undersøkt betydinga av determinantar for aktivitetsnivået. Dei eksisterande studia på området visar at sosial støtte frå venner og familie og meistringsforventning viser sterk korrelasjon med fysisk aktivitet og trening, samtidig veit me mindre om den relative betydinga av determinantane i forhold til ulike aldersgrupper. Hensikt: Hensikta var å undersøke kva betyding sosial støtte frå venner og familie og meistringsforventning har med omsyn til å tilfredstille anbefalingane for fysisk aktivitet. I tillegg vart det undersøkt om betydinga av sosial støtte frå venner og familie og meistringsforventning med omsyn til å nå aktivitetsanbefalingane er ulik innan ulike aldersgrupper. Metode: Tverrsnittsundersøkinga bestod av 3464 personar i alderen 20-85 år. Deltakingsprosenten var 32 %. Fysisk aktivitet blei objektivt registrert ved bruk av ActiGraph GT1M i 7 samanhengande dagar. Sosial støtte frå venner og familie og meistringsforventning blei registrert i spørjeskjema. Resultat: Oddsen for å nå aktivitetsanbefalingane er forhøga hjå dei som har høg meistringsforventning, vennestøtte og familiestøtte samanlikna med dei som har låg meistringsforventning, vennestøtte og familiestøtte, henholdsvis 58 %, 14 % og 11 %. Alle determinantane er signifikante med omsyn til å nå aktivitetsanbefalingane. Meistringsforventning står fram som den sterkaste prediktoren med omsyn til å tilfredstille anbefalingane. Vennestøtte er berre signifikant med omsyn til nå aktivitetsanbefalingane i aldersgruppa 35- 49 år. I denne aldersgruppa er det 49 % forhøga sannynlegheit for å nå aktivitetsanbefalingane med høg vennestøtte samanlikna med låg vennestøtte. Dei som befinner seg i aldersgruppene 20-34 år og 50-64 år har henholdsvis 28 % og 15 % forhøga sannsynlegheit for å nå aktivitetsanbefalingane med høg vennestøtte samanlikna med låg vennestøtte, men forskjellen er ikkje signifikant. Familiestøtte er ikkje signifikant med omsyn til å nå aktivitetsanbefalingane i nokon av aldersgruppene dog nærsignifikant i den eldste aldersgruppa. I denne aldersgruppa er det 25 % forhøga sansynlegheit for å nå aktivitetsanbefalingane med høg familiestøtte samanlikna med låg familiestøtte. Konklusjon: Meistringsforventning er den determinanten som har størst betyding med omsyn til å nå aktivitetsanbefalingane i alle aldersgrupper. Vennestøtte har størst betyding med omsyn til å aktivitetsanbefalingane i aldersgruppa 35-49 år. Familiestøtte har største betyding med omsyn til å nå aktivitetsanbefalingane i den eldste aldersgruppa.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.subjectvoksneen_US
dc.subjecteldreen_US
dc.subjectfysisk aktiviteten_US
dc.subjectnivåen_US
dc.subjectmestringen_US
dc.subjectvenneren_US
dc.subjectfamilieen_US
dc.titleDeterminantar for fysisk aktivitet blant vaksne og eldre i Noreg : ei tverrsnittsundersøking basert på objektivt registrert aktivitetsnivåen_US
dc.typeMaster thesisen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel