Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorFosse, Geir Ove
dc.date.accessioned2011-03-15T10:43:13Z
dc.date.available2011-03-15T10:43:13Z
dc.date.issued2010
dc.identifierSeksjon for idrettsmedisinske fag / Department of Sports Medicine
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/171576
dc.descriptionMasteroppgave – Norges idrettshøgskole, 2010.en_US
dc.description.abstractBakgrunn: Aukande alder er assosiert med fysiologiske endringar som fører til redusert maksimalt oksygenopptak (VO2maks), noko som gjer at eldre i kvardagen må bruke ein større del av sin VO2maks for å utføre daglege arbeidsoppgåver. I tillegg til eit minstekrav for ein sjølvstendig livsstil er VO2maks også ein svært god uavhengig variabel i forhold til helsestatus. I Norge har vi få studiar på fysisk form målt som VO2maks. Formålet med undersøkinga var å finne den aldersrelaterte endringa i VO2maks hjå eit representativt utval vaksne og eldre frå Oslo og omegn. Metode: Deltakarane vart tilfeldig trekt frå utvalet i eit allereie eksisterande studie; Kartlegging Aktivitet Norge (Kan1). Kan1 var eit kartleggingsstudie som skulle auka kunnskapen om fysiske aktivitetsvanar og faktorar relatert til fysisk aktivitet i eit landsrepresentativt utval av vaksne og eldre i Norge. Fase 2 av studien omhandla kartlegging av fysisk form i eit utval av deltakarane i Kan1 fase 1 og det var dette arbeidet oppgåva tok utgangspunkt i. VO2peak vart testa hjå 213 personar frå 20-85 år frå Oslo og omegn gjennom ein modifisert Balke-protokoll til utmatting. Kriterier for godkjent test var Rverdi ≥ 1,10 eller Borg-verdi ≥ 17. Resultat: 101 menn og 100 kvinner (94 %) tilfredsstilte kriterier for godkjent test. VO2peak reduserast i ein hastigheit på 0,52 og 0,32 ml·kg-1·min-1 per år. Dette tilsvarar 9,9 og 7,5 % per tiår. Reduksjonen var signifikant større for menn enn for kvinner (P < 0,001). Uttrykt per kg feittfri masse var reduksjonen per år ikkje lenger forskjellig mellom kjønn (0,49 og 0,39 ml·kg FFM-1·min-1 for høvesvis menn og kvinner) (P = 0,10). Konklusjon: VO2peak reduserast lineært hjå begge kjønn, men med ein større hastigheit hjå menn enn kvinner. Resultata må avgrensast til å gjelde etnisk norske menn og kvinner av høgare sosioøkonomisk status då denne gruppa var sterkt overrepresentert i undersøkinga.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.subjectmaksimalt oksygenopptaken_US
dc.subjectvoksneen_US
dc.subjecteldreen_US
dc.subjectfysisk aktiviteten_US
dc.subjectformen_US
dc.titleEndring i maksimalt oksygenopptak med aukande alder: eit tverrsnittstudie av vaksne og eldre frå Oslo og omegnen_US
dc.typeMaster thesisen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel