Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorMyklebust, Håvard
dc.date.accessioned2013-12-11T13:07:17Z
dc.date.available2013-12-11T13:07:17Z
dc.date.issued2008
dc.identifierSeksjon for fysisk prestasjonsevne / Department of Physical Performance
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/171938
dc.descriptionMasteroppgave - Norges idrettshøgskole, 2008no_NO
dc.description.abstractEtter OL i 2002 har det vore spekulert i om Nike draktene som var nye til OL hadde gunstige eigenskapar utover det å redusere luftmotstand. Desse draktene hadde gummiert elastisk materiale på overkroppen, over setet og halvvegs ned på låret. Dei siste sesongane har andre produsentar nytta liknande materiale på same måte som Nike, utan at effekten av dette er dokumentert. Føremålet med vår studie var å sjå om vi klarte å lage ei drakt med elastisk materiale som kunne avlaste muskulaturen og gi auka prestasjonsevne i skøytestilling, når vi såg bort frå luftmotstand. Fem mannlege skøyteløparar på høgt nasjonalt og internasjonalt nivå testa, i 3 ulike testar, den konstruerte drakta (KD) mot kortbukse (UD) og draktene til det norske skøytelandslaget (NIKE). Testane var knebøyhopp, statisk test til utmatting i skøytestilling og subbmaksimal trappetrinnstest på rulleskøyter. Dei 3 draktene vart testa i randomisert rekkefølgje på 3 ulike dagar. KD gav i spensttesten høgare hopphøgde og større maksimal kraft enn NIKE (p<0,05), som igjen gav høgare hopphøgde og større maksimal kraft enn UD (p<0,05). I den statiske testen fann vi lågare oksygenopptak med KD enn med UD, medan det ikkje var forskjell mellom UD og NIKE. I subbmaksimal rulleskøytetest på tredemølle fann vi ingen forskjell i oksygenopptak mellom draktene, men tendensar til høgare ventilasjon, hjartefrekvens, laktat og skyvfrekvens for KD og NIKE samanlikna med UD. Spensttesten viser at elastisk materiale kan gi auka mekanisk moment over ledd og auka prestasjonsevne målt som hopphøgde og maksimal kraft. Dei elastiske kreftene i KD var litt større enn i NIKE og virka i tillegg over kneleddet. Den statiske testen tyder på at kreftene må virke over kneleddet for å gi energisparande effekt i skøytestilling. Rulleskøytetesten var nok for lite spesifikk for å avdekke forskjellar mellom draktene og stressfaktorar påverka truleg resultata. Det kan tenkast at den energisparande effekten ein ser i den statiske testen blir borte på rulleskøyter då det elastiske materialet aktivt må spennast opp. Det kan likevel vere ein positiv prestasjonseffekt, då større muskelmasse truleg er i arbeid. Fleire og meir spesifikke testar må til for å klargjere om elastisk materiale har noko føre seg i dynamiske øvingar i skøytestilling.no_NO
dc.language.isonobno_NO
dc.subjectskøytesportno_NO
dc.subjectklærno_NO
dc.subjectprestasjonerno_NO
dc.subjectrulleskøyterno_NO
dc.subjectmusklerno_NO
dc.subjectspenstno_NO
dc.subjecttestingno_NO
dc.titleMekanisk avlastning av muskulatur i skøytestilling med elastisk materialeno_NO
dc.typeMaster thesisno_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel