Rectus diastase hjå fyrstegongsfødande kvinner: prevalens, risikofaktorar og førekomst av korsrygg- og/eller bekkenrelaterte smerter
Abstract
Bakgrunn: Rectus diastase blir definert som ein separasjonen av muskelbukane til
rectus abdomini og kan oppstå under graviditet. Det er mange hypotesar knytt til
risikofaktorar og følgjar av rectus diastase, men forskinga på emnet er mangelfull.
Denne masterstudien hadde tre formål: 1) Undersøke prevalens av rectus diastase under
graviditet og det fyrste året etter fødsel. 2) Undersøke nærvær av moglege risikofaktorar
blant kvinner med og utan rectus diastase tolv månader etter fødsel. 3) Undersøke om
det er forskjell i førekomst av korsrygg- og/eller bekkenrelaterte smertar hjå kvinner
med og utan rectus diastase tolv månader etter fødsel.
Metode: Datamaterialet er henta frå ein prospektiv kohortestudie av 300 fyrstegongsfødande
kvinner ved Akershus universitetssjukehus. Data blei innhenta gjennom eit
elektronisk spørjeskjema og kliniske undersøkingar i svangerskapsveke 21, i tillegg til
seks veker, seks månader og tolv månader etter fødsel. Rectus diastase vart diagnostisert
ved palpasjon definert som ein separasjon større eller lik to fingerbreidder målt anten
4,5 cm over, ved eller 4,5 cm under navlen. Korsrygg- og/eller bekkenrelaterte smerter
blei kartlagt gjennom spørjeskjema. Gruppene blei samanlikna ved Student t-test og chi
square / Fisher´s exact test samt utrekning av Odds Ratio (OR). P-verdien var 0,05.
Resultat: Prevalens av rectus diastase var 33,1 % (n=299), 60,0 % (n=285) , 45,4 %
(n=198) og 32,6 % (n=178) ved høvesvis svangerskapsveke 21 og seks veker, seks
månader og tolv månader etter fødsel. Ved samanlikning av kvinner med og utan rectus
diastase eit år etter fødsel var det ingen signifikante forskjellar med omsyn til
undersøkte risikofaktorar. Utrekninga av odds ratio viste at det var større sannsynlegheit
for rectus diastase blant dei som rapporterte belastande lyft større eller lik 20 gongar i
veka eit år etter fødsel (OR = 2,18, 95% CI 1,05 - 4,52). Det var ingen forskjell mellom
gruppene i førekomst av korsrygg og bekkenrelatert smerte (p =0,10) på same tidspunkt.
Diskusjon / konklusjon: Ulike diagnosekriterium gjer det utfordrande å samanlikne
resultat frå ulike studiar og det finst lite dokumentasjon på normalverdiar for inter-rectiavstand.
Førekomsten av rectus diastase var størst kort tid etter fødsel, men tilstanden
var også vanleg eitt år post-partum. Det blei ikkje identifisert klare risikofaktorar eller
forskjellar i førekomst av korsrygg- og/eller bekkenrelatert smerte mellom gruppene
tolv månader etter fødselen. Resultatet av verknaden av belastande lyft bør reknast som
hypotesegenererande grunna det vide konfidensintervallet. Klare råd rundt
risikofaktorar og følgjer bør gjevast med varsemd grunna lite forskingsbasert kunnskap.
Description
Masteroppgave - Norges idrettshøgskole, 2015