Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSperstad, Jorun Bakken
dc.date.accessioned2015-10-21T12:21:29Z
dc.date.available2015-10-21T12:21:29Z
dc.date.issued2015-10-21
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2357521
dc.descriptionMasteroppgave - Norges idrettshøgskole, 2015nb_NO
dc.description.abstractBakgrunn: Rectus diastase blir definert som ein separasjonen av muskelbukane til rectus abdomini og kan oppstå under graviditet. Det er mange hypotesar knytt til risikofaktorar og følgjar av rectus diastase, men forskinga på emnet er mangelfull. Denne masterstudien hadde tre formål: 1) Undersøke prevalens av rectus diastase under graviditet og det fyrste året etter fødsel. 2) Undersøke nærvær av moglege risikofaktorar blant kvinner med og utan rectus diastase tolv månader etter fødsel. 3) Undersøke om det er forskjell i førekomst av korsrygg- og/eller bekkenrelaterte smertar hjå kvinner med og utan rectus diastase tolv månader etter fødsel. Metode: Datamaterialet er henta frå ein prospektiv kohortestudie av 300 fyrstegongsfødande kvinner ved Akershus universitetssjukehus. Data blei innhenta gjennom eit elektronisk spørjeskjema og kliniske undersøkingar i svangerskapsveke 21, i tillegg til seks veker, seks månader og tolv månader etter fødsel. Rectus diastase vart diagnostisert ved palpasjon definert som ein separasjon større eller lik to fingerbreidder målt anten 4,5 cm over, ved eller 4,5 cm under navlen. Korsrygg- og/eller bekkenrelaterte smerter blei kartlagt gjennom spørjeskjema. Gruppene blei samanlikna ved Student t-test og chi square / Fisher´s exact test samt utrekning av Odds Ratio (OR). P-verdien var 0,05. Resultat: Prevalens av rectus diastase var 33,1 % (n=299), 60,0 % (n=285) , 45,4 % (n=198) og 32,6 % (n=178) ved høvesvis svangerskapsveke 21 og seks veker, seks månader og tolv månader etter fødsel. Ved samanlikning av kvinner med og utan rectus diastase eit år etter fødsel var det ingen signifikante forskjellar med omsyn til undersøkte risikofaktorar. Utrekninga av odds ratio viste at det var større sannsynlegheit for rectus diastase blant dei som rapporterte belastande lyft større eller lik 20 gongar i veka eit år etter fødsel (OR = 2,18, 95% CI 1,05 - 4,52). Det var ingen forskjell mellom gruppene i førekomst av korsrygg og bekkenrelatert smerte (p =0,10) på same tidspunkt. Diskusjon / konklusjon: Ulike diagnosekriterium gjer det utfordrande å samanlikne resultat frå ulike studiar og det finst lite dokumentasjon på normalverdiar for inter-rectiavstand. Førekomsten av rectus diastase var størst kort tid etter fødsel, men tilstanden var også vanleg eitt år post-partum. Det blei ikkje identifisert klare risikofaktorar eller forskjellar i førekomst av korsrygg- og/eller bekkenrelatert smerte mellom gruppene tolv månader etter fødselen. Resultatet av verknaden av belastande lyft bør reknast som hypotesegenererande grunna det vide konfidensintervallet. Klare råd rundt risikofaktorar og følgjer bør gjevast med varsemd grunna lite forskingsbasert kunnskap.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectnihnb_NO
dc.subjectmasteroppgavernb_NO
dc.subjectsvangerskap
dc.subjectbekkenbunnen
dc.subjectryggen
dc.subjectmuskler
dc.subjectsmerter
dc.subjectmagen
dc.titleRectus diastase hjå fyrstegongsfødande kvinner: prevalens, risikofaktorar og førekomst av korsrygg- og/eller bekkenrelaterte smerternb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.description.localcodeSeksjon for idrettsmedisinske fag / Department of Sports Medicinenb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel