Kommunikasjon og samspel for læring i fotball: ein kvalitativ studie om læringsarbeidet i fotball
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2372502Utgivelsesdato
2016-01-04Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Hensikta med denne oppgåva har vore å undersøke problemstillinga ”Kva kjenneteiknar
læringsarbeidet i fotball”. Oppgåva handlar om det som skjer på treningsfeltet i fotball, med
eit særleg fokus på kommunikasjonen og samhandlinga. I fellesskapet mellom spelarar og
trenarar står relasjonane og korleis spelarane sjølv både er ein del av eigen og andres læring
sentralt.
For å utvikle eit materialet som kan svare på problemstillinga, har eg følgt to fotballag som
observatør i ei treningsveke kvar (tre treningar x 2). Gjennom Illeris (2012) sin teori om
læringas tre dimensjonar (innhald, drivkraft og samspel) analyserer og forstår eg empirien
med nye omgrep.
Fotballtrening sin innhaldsdimensjon handlar om læringsarbeidet på treningsfeltet. Her inngår
observasjonar av dialog, refleksjon, teknikk og relasjonelle ferdigheiter. Både trenar og
spelarar fyller treninga med avgjerande innhald. Gjennom drivkraftdimensjonen får eg fram at
deltakarane legger ned ein stor innsats i læringsarbeidet. Dei ser for det meste engasjerte,
energiske og konsentrerte ut. Samstundes er det fleire døme på at spelarar glipp ut av
konsentrasjonen om sjølve spelet. Det er ein jovial tone i kommunikasjonen mellom spelarane
som også bidrar til drivkrafta retta mot det å vere fotballspelar. Samspelsdimensjonen er noko
meir enn berre samarbeidet mellom spelarane på bana, det er også eit samspel mellom
individet og omgjevnadane på andre måtar. Læringa er situert, læringssituasjonen påverkar
ikkje berre læringa, den er også ein del av den (Illeris, 2012). Eg har sett spelarar og trenarar
påverkar kvarandre og er ein del av den andre sitt læringsarbeid. Samstundes har eg sett
spelarar sitt samspel med den materielle delen av omverda (t.d fotballen) og korleis det er eit
samspel mellom alle tre dimensjonane (innhald, drivkraft og samspel).
Læringsarbeidet på fotballbana og læringas tre dimensjonar må sjåast som dynamiske
prosessar i samspel med kvarandre. For å tilrettelegga for dette samspelet og dermed for
læring på fotballtrening krevjast eit kontinuerleg overblikk eller ”utanfråblikk” som særleg
trenaren kan representere.
Beskrivelse
Masteroppgave - Norges idrettshøgskole, 2015