Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorTvete, Karl Magne R.
dc.date.accessioned2016-01-04T13:33:17Z
dc.date.available2016-01-04T13:33:17Z
dc.date.issued2016-01-04
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2372502
dc.descriptionMasteroppgave - Norges idrettshøgskole, 2015nb_NO
dc.description.abstractHensikta med denne oppgåva har vore å undersøke problemstillinga ”Kva kjenneteiknar læringsarbeidet i fotball”. Oppgåva handlar om det som skjer på treningsfeltet i fotball, med eit særleg fokus på kommunikasjonen og samhandlinga. I fellesskapet mellom spelarar og trenarar står relasjonane og korleis spelarane sjølv både er ein del av eigen og andres læring sentralt. For å utvikle eit materialet som kan svare på problemstillinga, har eg følgt to fotballag som observatør i ei treningsveke kvar (tre treningar x 2). Gjennom Illeris (2012) sin teori om læringas tre dimensjonar (innhald, drivkraft og samspel) analyserer og forstår eg empirien med nye omgrep. Fotballtrening sin innhaldsdimensjon handlar om læringsarbeidet på treningsfeltet. Her inngår observasjonar av dialog, refleksjon, teknikk og relasjonelle ferdigheiter. Både trenar og spelarar fyller treninga med avgjerande innhald. Gjennom drivkraftdimensjonen får eg fram at deltakarane legger ned ein stor innsats i læringsarbeidet. Dei ser for det meste engasjerte, energiske og konsentrerte ut. Samstundes er det fleire døme på at spelarar glipp ut av konsentrasjonen om sjølve spelet. Det er ein jovial tone i kommunikasjonen mellom spelarane som også bidrar til drivkrafta retta mot det å vere fotballspelar. Samspelsdimensjonen er noko meir enn berre samarbeidet mellom spelarane på bana, det er også eit samspel mellom individet og omgjevnadane på andre måtar. Læringa er situert, læringssituasjonen påverkar ikkje berre læringa, den er også ein del av den (Illeris, 2012). Eg har sett spelarar og trenarar påverkar kvarandre og er ein del av den andre sitt læringsarbeid. Samstundes har eg sett spelarar sitt samspel med den materielle delen av omverda (t.d fotballen) og korleis det er eit samspel mellom alle tre dimensjonane (innhald, drivkraft og samspel). Læringsarbeidet på fotballbana og læringas tre dimensjonar må sjåast som dynamiske prosessar i samspel med kvarandre. For å tilrettelegga for dette samspelet og dermed for læring på fotballtrening krevjast eit kontinuerleg overblikk eller ”utanfråblikk” som særleg trenaren kan representere.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectnihnb_NO
dc.subjectmasteroppgavernb_NO
dc.titleKommunikasjon og samspel for læring i fotball: ein kvalitativ studie om læringsarbeidet i fotballnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.description.localcodeSeksjon for kroppsøving og pedagogikk / Department for Physical Educationnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel