Sedat åtferd i den vaksne norske befolkninga: ein deskriptiv analyse av sedat tid, mulege forklaringsvariablar for sedat tid og forholdet mellom sedat tid og fysisk aktivitet
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2372504Utgivelsesdato
2016-01-04Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn: Dei nye tilrådingane om å redusere tid i sedat åtferd er bygde på
assosiasjonen vist i fleire studiar mellom sedat åtferd og risiko for ikkje-smittsame
sjukdomar og tidleg død, uavhengig av tid i fysisk aktivitet. For å kunne sette i gong
intervensjonar for å redusere sedat åtferd må ein vite kva faktorar som er assosierte
med sedat åtferd og korleis utbreiinga av sedat åtferd på populasjonsnivå er.
Samanlikna med subjektive målemetodar, gir objektivt målt sedat tid meir presis
informasjon om sedat åtferd. Tidlegare studiar gjennomført med objektive
målemetodar har vist at store delar av dagen går med til sedat åtferd. Føremål:
Føremålet med denne oppgåva er å gi ei skildrande analyse av utbreiinga av sedat
åtferd hjå den vaksne norske befolkninga, og kva faktorar som er assosiert med sedat
åtferd. Metode: Totalt 2297 norske menn og kvinner i alderen 20-85 år er inkludert i
undersøkinga. Sedat åtferd er registrert objektivt med akselerometeret ActiGraph
GT3X+ over 7 samanhengande dagar, og utfyllande informasjon er innhenta ved hjelp
av spørjeskjema. Resultat: Den vaksne norske befolkninga i gjennomsnitt brukar
61,1% av dagen i sedat åtferd. Dette tilsvarar 538 minutt, eller om lag 9 timar, av den
vakne tida per dag. Menn sit meir stille enn kvinner, og dei over 65 år sit meir stille
enn dei mellom 20 og 65 år. Tid brukt i sedat åtferd er positivt assosiert med auke i
KMI-kategoriar og negativt assosiert med sjølvrapportert helse og utdanning.
Stillesittande arbeid som jobbaktivitet er den sterkaste forklaringsvariabelen for tid i
sedat åtferd, og forklarar åleine 7,4% av variasjonen i sedat åtferd. Konklusjon: Store
delar av dagen går med til sedat åtferd, og den stillesittande arbeidskulturen får mykje
av skylda for dette. Den delen av utvalet som brukar mest tid på sedat åtferd brukar
minst tid på både fysisk aktivitet av lett intensitet og moderat til høg intensitet.
Beskrivelse
Masteroppgave - Norges idrettshøgskole, 2015