Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSæverud, Kristina Øien
dc.date.accessioned2016-01-04T13:33:52Z
dc.date.available2016-01-04T13:33:52Z
dc.date.issued2016-01-04
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2372504
dc.descriptionMasteroppgave - Norges idrettshøgskole, 2015nb_NO
dc.description.abstractBakgrunn: Dei nye tilrådingane om å redusere tid i sedat åtferd er bygde på assosiasjonen vist i fleire studiar mellom sedat åtferd og risiko for ikkje-smittsame sjukdomar og tidleg død, uavhengig av tid i fysisk aktivitet. For å kunne sette i gong intervensjonar for å redusere sedat åtferd må ein vite kva faktorar som er assosierte med sedat åtferd og korleis utbreiinga av sedat åtferd på populasjonsnivå er. Samanlikna med subjektive målemetodar, gir objektivt målt sedat tid meir presis informasjon om sedat åtferd. Tidlegare studiar gjennomført med objektive målemetodar har vist at store delar av dagen går med til sedat åtferd. Føremål: Føremålet med denne oppgåva er å gi ei skildrande analyse av utbreiinga av sedat åtferd hjå den vaksne norske befolkninga, og kva faktorar som er assosiert med sedat åtferd. Metode: Totalt 2297 norske menn og kvinner i alderen 20-85 år er inkludert i undersøkinga. Sedat åtferd er registrert objektivt med akselerometeret ActiGraph GT3X+ over 7 samanhengande dagar, og utfyllande informasjon er innhenta ved hjelp av spørjeskjema. Resultat: Den vaksne norske befolkninga i gjennomsnitt brukar 61,1% av dagen i sedat åtferd. Dette tilsvarar 538 minutt, eller om lag 9 timar, av den vakne tida per dag. Menn sit meir stille enn kvinner, og dei over 65 år sit meir stille enn dei mellom 20 og 65 år. Tid brukt i sedat åtferd er positivt assosiert med auke i KMI-kategoriar og negativt assosiert med sjølvrapportert helse og utdanning. Stillesittande arbeid som jobbaktivitet er den sterkaste forklaringsvariabelen for tid i sedat åtferd, og forklarar åleine 7,4% av variasjonen i sedat åtferd. Konklusjon: Store delar av dagen går med til sedat åtferd, og den stillesittande arbeidskulturen får mykje av skylda for dette. Den delen av utvalet som brukar mest tid på sedat åtferd brukar minst tid på både fysisk aktivitet av lett intensitet og moderat til høg intensitet.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectnihnb_NO
dc.subjectmasteroppgavernb_NO
dc.titleSedat åtferd i den vaksne norske befolkninga: ein deskriptiv analyse av sedat tid, mulege forklaringsvariablar for sedat tid og forholdet mellom sedat tid og fysisk aktivitetnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.description.localcodeSeksjon for idrettsmedisinske fag / Department of Sports Medicinenb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel