Kjønnstilpassa reglar i fotball: en historisk-filosofisk studie av kvinnefotball i eit regelperspektiv
Abstract
Fotball er den største idretten for både menn og kvinner i Noreg. På kvinnesida verkar
det likevel å vere eit misforhold mellom kor populært det er å utøve idretten og
anerkjenninga ein oppnår som utøvar. Det ser ut til at kvinnelege fotballspelarar lid
under at dei i større grad vert samanlikna med herreklassen enn det som er tilfellet i
mange andre idrettar, trass i at merittlista på kvinnelandlaget er langt meir imponerande
enn på herrelandslaget. Fotball skil seg frå mange andre ballspel for lag ved at kvinner
og menn spelar med nøyaktig same reglar. Har dette bidrege til at det vert lettare å
samanlikne menn og kvinner i fotball? Lite er skrive om kvifor ein enda opp med ein
slik praksis, og om kjønnstilpassa reglar kan ha noko føre seg i fotball.
Denne studien kombinerer element frå historisk og filosofisk metode i forsøk på å svare
på følgjande problemstillingar: 1. Kan historia om framveksten av norsk kvinnefotball
hjelpe oss med å forstå kvifor menn og kvinner i dag nyttar dei same spelereglane i
toppfotballen? 2. Fins det grunnlag for ein etisk diskurs kring kjønnstilpassa reglar i
fotball? Studien set framveksten av kvinnefotballen i Noreg i samanheng med historia i
resten av samfunnet, i forsøk på å forstå kvifor fotball har enda opp med ein annan
regelpraksis enn ballspel som handball og volleyball. Filosofidelen tek i bruk normer og
teori frå idrettsfilosofien for å diskutere og undersøke om det fins grunnlag for ein etisk
diskurs kring kjønnstilpassa reglar i fotball.
Studien gjev innsikt i ein periode frå kvinnefotballen si historie som har vore lite omtala
i tidlegare forsking. Ei god oversikt over framveksten av norsk kvinnefotball gjev ei
auka forståing av kvifor menn og kvinne nyttar dei same spelereglane i dag. På 1970-
talet kjempa kvinnefotballforkjemparane for at kvinner skulle få spele med like reglar
som menn, samstundes som kvinnekampen gjekk føre seg i resten av samfunnet.
Historiedelen i studien avdekker forhold som fortel at grunnlaget for avgjerda om å
kjempe for like reglar var farga av politiske årsaker framfor årsaker knytt til
spelopplevinga. Dette i seg sjølv er grunnlag for ein etisk diskurs kring kjønnstilpassa
reglar i fotballen i dag. I filosofidelen vert det reist spørsmål kring om kvinner har same
moglegheit for å prestere som menn under dagens reglement. Diskusjonen tek føre seg
kva prestasjon er, og konkluderer med at kvinner ikkje har same moglegheit for å
prestere som menn, dersom herrefotball er referansepunktet for kva som er mogleg å
prestere i fotball.
Description
Masteroppgave - Norges idrettshøgskole, 2016