Kva er ein aktiv livsstil for deg?: Ein kvalitativ studie av kva personar med psykoseproblematikk snakkar om når dei snakkar om omgrepet «aktiv livsstil»
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2678432Utgivelsesdato
2020Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Introduksjon: Menneske med psykose bør i følgje Helsedirektoratet (2018) ha tilbod om fysisk aktivitet i behandlingstilbodet sitt, men forsking viser at det er utfordrande å hjelpe pasientar med psykose til livsstilsendring (Abed, 2010). Mykje av forskinga som er gjort på psykosepasientar er forankra i eit biomedisinsk paradigme, og det er manglande kunnskap om pasientar sine eigne opplevingar av helse (La, Ungar, Malla, Frankish & Suto, 2014) og fysisk aktivitet i behandling (Borge, 2011). Det å inkludere menneske med alvorlege psykiske lidingar sine eigne opplevde erfaringar, kan utgjere ei viktig og rik kjelde til informasjon om helsefremjande arbeid (Mjøsund, 2017). Ut frå eit helsefremjande perspektiv (Hummelvoll & Dahl, 2012) kan det tenkjast at fysisk aktivitet kan vere noko større enn det definisjonen og nasjonale anbefalingar får fram, og kan romme meir enn berre det fysiske. Omgrepet «aktiv livsstil» nyttast derfor i dette prosjektet, i forsøk på å opne opp for at aktivitet ikkje nødvendigvis treng å innebere fysisk aktivitet.
Forskinsspørsmål: Kva snakkar personar med psykose om når dei snakkar om omgrepet «aktiv livsstil»? På kva måte opplever dei å få støtte ved behandlingsinstitusjonen til å leve den aktive livsstilen slik dei snakkar om det?
Metode: I prosjektet vart det nytta kvalitativ metode og fortolkande fenomenologisk analyse til analyse av datamaterialet. Det vart rekruttert tre deltakarar frå ein institusjon for menneske med psykoseproblematikk. Datainnsamling vart gjort ved bruk av semistrukturerte, gåande enkeltintervju, med bilete som hjelpemiddel i samtalen.
Konklusjon: Ved å spørje deltakarane om deira assosiasjonar til omgrepet «aktiv livsstil» har eg fått fram individuelle, relasjonelle og kontekstuelle meiningsdimensjonar ved det å vere i aktivitet. Alle knytte med andre ord ein aktiv livsstil til samanhengar med familie og venner, dyr, stadar og natur. Dette er meiningsdimensjonar ved aktiv livsstil som endrar seg for deltakarane, på radikale måtar, når dei blir innlagt under psykisk helsevern. For institusjonar som ønska at pasientane skal oppretthalde aktivitetsnivået sitt, må desse dimensjonane ved å vere aktiv vere adressert og utgjere ein bakgrunn for den tilrettelegginga for aktivitet som skal skje. I tråd med dette har studien fått fram at det å vere innlagt syner seg som ein unntakssituasjon for pasientane, som opplev tilværet som til dels uverkeleg og som å leve på sida av seg sjølv. Dette er sentrale utfordringar for målet om at aktivitet skal inngå som ein del av behandlingstilbodet. Å vere aktiv kan ikkje forståast som eit nøytralt tiltak som tilførast pasienten utanfrå, men som ein integrert del av deira sjølvoppfatning og identitet.
Beskrivelse
Masteroppgave - Norges idrettshøgskole, 2020