Fysisk aktivitetsnivå for kvinner og menn i aldersgruppa 40-42 år målt objektivt med akselerometer i tre kommunar i Sogn: ei tilleggsundersøking av Kartlegging Aktivitet Norge (KAN1)
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/171578Utgivelsesdato
2010Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn: Fysisk inaktivitet er eit folkehelseproblem i motsetnad til fysisk aktivitet
(FA) som er relatert til god helse og auka velvære. For å kartlegge endringar i FA-nivå
og aktivitetsmønster i befolkninga over tid, evaluere ulike tiltak og kunne målretta nye
blir det derfor viktig med presis registrering av FA. Kartlegginga av FA er gjort med
subjektive metodar, for det meste sjølvregistrert både nasjonalt og internasjonalt.
Objektive målemetodar er derimot berre nytta i eit fåtal studiar. Med større presisjon og
mindre feilkjelder enn dei sjølvrapporterte data er objektiv målemetode med bruk av
aktivitetsmålar eit nyttig hjelpemiddel. Hensikt: Studien skulle kartlegge FA-nivå for ei
rural befolkningsgruppe med hjelp av objektivt målemetode. Totalt FA-nivå, oppfylling
av tilrådingane for FA, kjønnsskilnadar, aktivitetsmønster og aktivitetstypar var
variablar som blei granska. Metode: Tverrsnittstudien vart gjennomført på eit
tilleggsutval som ein del av ei nasjonal kartlegging av FA (KAN1), der 314 personar i
alderen 40-42 år frå indre Sogn i Sogn og Fjordane deltok. Deltakarprosenten av
totalpopulasjonen var 60% og dataregistreringa gjekk over sju samanhengande dagar
med hjelp av aktivitetsmålaren ActiGraph GT1M. I registreringsperioden fylte
deltakarane ut spørjeskjema om aktivitetsvanar og aktivitetsmønster. Resultat: Utvalet
hadde eit gjennomsnittleg FA-nivå på 412 teljingar/min men det var ingen skilnad i
totalt FA-nivå mellom kjønna. Menn nytta meir tid i moderat/hard FA per dag
samanlikna med kvinner (p=0,02) og helgeaktiviteten var høgare enn i resten av veka
for begge kjønn (p=0.002). 30% av utvalet nådde tilrådingane om minimum 30 minutt
dagleg moderat/hard FA. Dei hyppigast nytta fritidsaktivitetane for kjønna var turgåing
og aktivitetar i skog og mark(87%). Konklusjon: 30% av utvalet nådde tilrådingane om
minimum 30 minutt dagleg moderat/hard FA. Menn nytta meir tid i moderat FA per dag
enn kvinner men det vart ikkje funne skilnadar i totalt FA-nivå mellom kjønna. FA-nivå
i helgane var høgare enn i resten av veka og turgåing og aktivitetar i skog og mark var
den mest nytta fritidsaktiviteten.
Beskrivelse
Masteroppgave – Norges idrettshøgskole, 2010.