Intensjon og realitet: Ei undersøking om læring i praksisundervisninga ved Norges Idrettshøgskole
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/171852Utgivelsesdato
2013Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne studien tek for seg praksisperioden for studentar på Praktisk-pedagogisk
utdanning ved Norges Idrettshøgskole med fokus på kva dei lærer og korleis utdanninga
påverkar denne læringsprosessen. Formålet med studien er å finna ut kva forventningar
studentane har inn mot praksisperioden, kva dei lærer undervegs, og korleis dei
reflekterer over det som skjer. I tillegg er det blitt sett på om utdanninga bidrar til at
studentane klarar å binda teori opp mot praksis, og om den undervisninga som blir gitt
på NIH bidrar til at elevane utviklar sin eigen måte å undervisa på gjennom
praksisperioden.
Det har vorte brukt kvalitative metodar, kor observasjon og videofilming av
undervisningstimar, pre- og postintervju i samband med undervisninga, og semistrukturerte
intervju i ettertid har bidrege til datainnsamling. Det vart videofilma tre
undervisningstimar av kvar student som seinare vart analysert. Desse videofilmane gav
grunnlag til reflekterande samtalar i eit semi-strukturert intervju med studentane, kor dei
fekk sjå seg sjølve undervisa og reflektera kring interessante didaktiske situasjonar og
generelt kring si eiga lærarrolle. Her vart det også diskutert om NIH klargjorde
studentane til praksis, og om høgskulen bidrog til at studentane fekk utvikla sin eigen
læraridentitet når dei prøvde seg i praksisfeltet. Det er tre studentar som har deltatt i
studien og alle deltok individuelt. Studentane var utplasserte på same praksisskule og
hadde dei same øvingslærarane.
Beskrivelse
Masteroppgave - Norges idrettshøgskole, 2013