Fysisk aktivitet og kosthaldsterapi i behandling av spiseforstyrringar: ein kvalitativ intervjustudie av deltakarane sine erfaringar
Abstract
Det er eit behov for auka behandlingskompetanse, større kapasitet og fleire
forskingsbaserte behandlingstilbod for personar med spiseforstyrringar. Dei moglege
fordelane av å nytte tilpassa og rettleia fysisk aktivitet i behandling har fått auka
merksemd dei siste åra.
Føremålet med denne studien var å undersøke og skildre deltakarane sine erfaringar
med eit nytt behandlingstilbod beståande av fysisk aktivitet og kosthaldsterapi. Det vart
gjort kvalitative, semistrukturerte intervju med fem deltakarar. Intervjua vart analysert
ved bruk av systematisk tekstkondensasjon, og resulterte i fire kategoriar; 1) Eit nytt syn
på mat; 2) Å dele problema sine med ei samansett gruppe; 3) Eit fornya forhold til
trening; og 4) Innsikt i eigen tilfriskingsprosess.
Funna viser at fysisk aktivitet og kosthaldsterapi kan bidra til å ta viktige steg i ein
tilfriskingsprosess. Behandlinga gav deltakarane auka kunnskap om mat, trening og
energibehov. Dette bidrog til tryggleik og evne til å identifisere triggarar og strategiar
for å unngå overspisingsepisodar og kompensatorisk åtferd. Å delta i gruppeterapi var
fordelaktig i form av å få støtte og aksept for problema sine, men ulike typar
spiseforstyrringar og problemstillingar internt i gruppa skapte utfordringar, og
tydeleggjorde eit behov for meir konkret tildeling av tid til kvar enkelt deltakar i
gruppesamtalen. Deltakarane fekk eit fornya forhold til trening gjennom
meistringsopplevingar og eit balansert aktivitetsnivå, som vidare bidrog til ei regulering
av motivet for å vere fysisk aktiv. Behandlinga bidrog til innsikt i eigen
tilfriskingsprosess, og ei forståing for at vegen vidare ville bli krevjande.
Description
Masteroppgave - Norges idrettshøgskole, 2015